søndag, april 22, 2007

Rapport

Våren går sin gang. Dvs. så vidt. Helst må me vel sei han har stoppa opp. I alle fall denne veka. Men sist sundag var me på tur til Ulvarudlå (u vert lese o) i 20 varmegrader! Nydeleg. Ulvarudlå er eit av dei høgaste fjella i Time med sin 400 m over havet og vel så det. Me gjekk saman med grunneigarar, byfolk, fuglakikkarar og naturvernarar. Det galdt vindmøller . Ulike meiningar og ulike tankegangar. Eg veit ikkje heilt. Likar så utruleg lite dei stygge rovfuglane som tek lam. Men så ser eg for meg at vindmøllene og susen deira heller ikkje er så bra.
Ja, ja, det vert vel andre enn eg som tek avgjerdene i den saka. Straum vil me ha. Og tenk når dei i si tid demde ned heile gardar for å få vasskrsft så folk laut flytta vekk med pikk og pakk. Grusomt, tenkjer eg.
No har me berre tre kattar. Kopien ( Pistrpys) vart overkøyrd fredag den 13. april og fekk ei grav i eit blomebed på nordsida av huset. Men Olivia er tydeleg i gang med nytt kull. Enno kjem ho seg inn holet i døra til brunnhuset, men helst vil ho smetta inn døra til vaskerommet. Trur ho har bestemt seg for å fø inne denne gongen og det ser det ut til at ho kjem til å få lov til. Slike ville kattar som Villmannen vil me ikkje ha. Men det får me sikkert viss Olivia må kjetla ute. Då kryp ho så langt inn under taket på lågbygget som ho kjem og held seg der med ungane til dei er skikkeleg redde og fresne. Så no planlegg ho tydelegvis annleis. Torsdag førmiddag vart eg veldig forundra for eg høyrde ei romstering oppe på soverommet vårt. Bonden var det ikkje for han var ute og køyrde. Eg måtte opp og sjå. Jau, der dreiv Olivia på og skulle laga seg seng i kleskapet vårt. To dører stod på vidt gap og ein pose med gamle klehengarar hadde ho velta fram og ut på golvet. No var ho i gang med undersøkingar i bonden sitt skap. Ho vil tydeleg vis ha alt klart i god tid og det er nok rett. Me får sjå om ikkje det lagar seg.
Sauene går det nesten heilt bra med, men ikkje Bolla og Åsa. Åsa heng på Bolla som ein klegg når dei er ute, men ho får ikkje suga. Då hoppar Bolla og er heilt vill. Eg vert sint på henne når ho fer slik åt og har sagt det mange gonger at viss ho ikkje vert snill, fer ho snart på slaktehuset. Det hjelper ikkje, ikkje enno i alle fall. Me lyt binda henne, då gjev ho seg. Synnøve passar på si Selma som alt er kjempestor. Tulla passar på Teodor og dei har det godt begge. Så var det Signe. Tenk ho hadde lembt to knøttsmå lam ein morgon me kom ut, Vigdis og Viggo. No er dei ei veka gamle og så fine. Svanhild og Tilla er gjeldsauer. Dei har ferie og vert berre feitare og feitare.
Kyrne får lov å beita oppi Bakken somme dagar. Ikkje når det regnar, då vert det så blautt og opptrødt. Frøken fekk ein kyrkalv. Nenne. Høyrt det namnet før? Ikkje me, men det er visst damer som heiter det. Ho var nesten blind fyrste dagane, men no ser ho er godt i form. Tonje og Heidi er dagalause begge to, men har ikje fyllt skikkeleg i juret. Elles alt vel. Vårfrisk helsing frå Tunheim!

6 Comments:

At 23 april, 2007 18:14, Anonymous Anonym said...

Hei og hopp!
Fra denne kanten blir det aldri stopp:)

Dåkke trudde kanskje eg va ferdige med spørsmåla mine. Eg e nok dessverre ikkje det. Det va bare dette her med gjeldsauer eg lurte på. Trur ikkje me drive med sånnt heima, eller så kalle med det for någe aent, eller så har eg bare ikkje fått det med meg. Spørsmålet e altså: Ka e ein gjeldsau? Koffor har dei ferie og feidest opp....?

Nå har våren ennå eingong komt te Tromsø og det nyte me(eg vertfall).

 
At 23 april, 2007 22:21, Blogger Drusa og dei said...

Goe spørsmål. Eg let dei førebels stå utan å svara. Kanskje det er nokon som les dei og har lyst å spekulera litt på keffor nogen he ferie, - og andre ikkje.

 
At 24 april, 2007 21:14, Blogger Drusa og dei said...

Då får bonden prøva å gje svar. Gjeldsau er ein sau som ikkje har lam. Normalt skal ein sau lemma kvar vår. Men dersom sauen ikkje har lam, er han (ho) gjeldsau. Det kan vara eitt år gamal sau, eller eldre. Ikkje alle parar lamma om hausten. Då vil alle eitt-åringar vera gjeld-smale. Og som naturleg er, har dei lett for å verta feite. Dei yter jo ikkje noko utanom det å ta vare på seg sjølv. Det å gå drektig med to - tre lam, er ein stor produksjon. Kvart lam veg ei del kilo, gjerne mellom 4 og 7. Og det er særleg siste månaden av drektighetstida veksten på fostera er. Det har betydning for holdet. (Kvart lam veg ofte meir enn eit menneskefoster, og morsauen er ikkje større enn eit menneske. Det seier litt om at å fø fram sauefoster er ei fysisk påkjenning.) Likeeins vil jo mjølkeproduksjonen etter lemming ha betydning for holdet. Dei som berre har seg sjølv å tenkja på, kan lett verta feite. Så kan ein kalla det ferie, om ein vil. Dei har i alle fall ikkje nokon å forsørga. Kan tenkja berre på seg sjølv. Det er ikkje særleg godt for dei. Dei vert allfor dryge.

 
At 25 april, 2007 19:20, Anonymous Anonym said...

Me har visst någen sauer på ferie me òg. Men det va aldri meiningå at de sko få fri...de tok seg den friheten sjøl. Me kalle de bare for "tomme" sauer.

 
At 27 april, 2007 00:03, Anonymous Anonym said...

Hei!
Eg har et nytt spørsmål. Ka e koksidiose? (Det va ei venninna som spurte om eg visste ka det va). Rekne med bonden(eller evt. læraren min) var den rette å spør om det?

 
At 27 april, 2007 23:34, Blogger Drusa og dei said...

Koksidiose.

Koksidiar er eincella parasittar. Dei overvintrar i beite, ligg i garssvoren eller på ståa som veks opp. Når sauaene og lamma går på beite, vil meir koksidiar hefta seg på grasstråa. Og dyra som beitar får i seg denne smitten. Sauene har fått i seg smitte før, og har utvikla immunitet mot denne infeksjonen, eller rettare sagt; innvasjonen av parasittar. Lamma derimot har ikkje noko immunapparat som kan motstå desse parasittane. Dei innvaderar cellene i tarmveggen. Her formeirar dei seg opp, sprengjer tarmcellene sundt, og avkommet etter dei første koksidiane (merozoittar) går inn i nye tarmceller og øydelegg desse. Sånn kan dei driva på og øydeleggja tarmen. Så kan dei laga eit kjønna stadium, og produsera egg (oocyste) som kjem ut med avføringa, og smittar ut beitet.

Lamma får diare mellom 2 og 3 veker etter dei har vorte smitta. Får svart avføring, p.g.a. blodtilblanding i tarminnhaldet langt framm i tarmsystemet (tynntarmen). Utan behandling kan tarmen verta så øydelagd at lammet er lite istand til å nyttiggjera seg fôret det et, og vil derfor veksa lite, og halda seg tynn. Ein ulldott utan særleg vekt.

Så ei lita melding til dei innante. 873 Tonje har fått oksekalv. Det same har 336 Heidi. Så her kan det verta nokre som kan passa i opplegget på Skiftun. Det er 4 til som nærmar seg kalving - innan 10-14 dagar.

Helsing bonden

 

Legg inn en kommentar

<< Home