søndag, april 01, 2007

Lam

Tenk, i dag fekk me det første lammet. Ein liten veronje. Og så er det Tulla som er mora. Sjølv er ho ikkje eit år gamal ennå. Sjølv er ho ikkje så stor. Men den som skulle ut er nå bitteliten. Det er godt når proporsjonane står i forhold til kvarandre. Ho mangla 10 dagar på 5 mndr. sidan paring. Så her vart det ein aldri så liten rekord, Jofrid. Det er variasjon i naturen. Mora har det bra. Den litle er litt forfjamsa ennå.

Elles er det full vårvinna på Jæren. Naturhevda er ute på jordene. Sola skin, og faktisk så er det turt. Men det plar laga seg med regn. Ennå litt frost dei fleste nettene.

15 Comments:

At 01 april, 2007 18:12, Anonymous Anonym said...

Hei!
Gratulera med ny rekord=) Vett ikkje om me kan visa te någe sånt.
Har et lide spørsmål: Eg kjenne någen så ska te Undheim i mårå. De lure egentlig på om det e mulighet for et gårdsbesøk ut på kvelden ein gong. Dåkke må bare seia nei viss det ikkje passe(å det meine eg!!!).

 
At 01 april, 2007 21:49, Blogger Drusa og dei said...

Det passa ikkje så godt for Budeia og bonden. Me skal til Vigrest i 7-tidå. Me har hug å vera heime når du kjem. Alltid velkommen, men som sagt; me vil vera heime då....
Men kjem du innom før me reiser, f.eks i 6-tida, så er det greit.
Helsing bonden.

 
At 01 april, 2007 22:58, Anonymous Anonym said...

6-tida e egentlig heilt greit for meg. Men det blir jo litt stress for dåkke. Eg kan evt. komma innom i 4 tida. Det e egentlig et fett for meg. Bestemm dåkke. Gjesten føye seg=)

 
At 02 april, 2007 14:14, Blogger Drusa og dei said...

Berre kom kl. 16.00. Då er me i fjoset og kan ta ein liten omvisning. Og kanskje ein kopp kaffi?!

 
At 03 april, 2007 16:01, Blogger Drusa og dei said...

Me fekk besøk! Kjekt! Det som ikkje var kjekt var at då me skulle ha inn sauene viste det seg at Bolla hadde lembt eit stort lam, men det var daudt. Fødselen gjekk nok for seint. Triste greier. Og budeia følte skuld. Hadde ei underleg kjensle då eg sleppte dei ut i går. Slik er det, av og til. Men i dag er me igang og skal venja under ein nyfødd trilling me fekk hjå Torstein. Bolla er ikkje sint, heller apatisk. No satsar me på at det skal gå seg til!

 
At 04 april, 2007 00:38, Anonymous Anonym said...

Takk for all gjestfrihet. Det va veldigt koseligt. Nå kan eg sjå for meg "alt" dåkke skrive om. Roboten va heftige greier og datasystemet avansert...Kyrne trur eg kanskje ikkje likte meg så godt. Men så va eg ganske skeptiske te de, og det trur eg de merka.
Det va jo ikkje någe kjekt med det dø lammet, vertfall når det ikkje e så mangen som ska lemma. Får håba Tulla godtar det nya. Det pleie jo som regel ordna seg.
Å du bonde; Eg e ennå litt småbitter for den seieren du snøyt meg for. Det e egentlig vanlig høflighet å la nybegynnaren vinna. Det hadde vertfall eg gjort...:)

 
At 06 april, 2007 13:02, Blogger Drusa og dei said...

Ja, det var ikkje så bra det der. Me skulle ha slutta før siste omgang, så hadde suksessen din vore sikra, Jofrid. Men det er eigentleg ikkje så ofte eg vinn. Sist me spelte, vart eg jumbo. Vanlegvis er Lars ei hard nøtt når det gjeld speling.

Elles er det å melda at lemminga held fram på ein dårleg måte. Me får trøysta oss med at det har gått utruleg bra i mange år.
I går lemde Synnøve eit levande og eit daudt. Det som lever, er litt tafatt. Men me har fått det til å suga, ved hjelp. Dei to første foringane føregjekk med sondeforing.
Men så er det slik, at med sauene er det ikkje så hytt. Me har dei først og fremst som beitepussarar. Det var verre om kalvingane skulle gå like dårleg. Her er det nok meir prstisje på spel også.
Den eine likar det eine. Den andre noko anna. For bonden er det ku som er hovedinteressen.
Men kos går det på Sørbø? Der er det andre boller når det gjeld sau.

 
At 06 april, 2007 18:27, Anonymous Anonym said...

Rapport frå Sørbø:
40 sauer har lemt og 93 lam lever.
Mor og dei seie at det har vore et bra lammingsår te nå. Någen dør jo alltid, men sånn e det jo.
Me har vendt under 6 lam, seinast et i dag. Det har visst gått bra.
I dag har eg bidratt "stort"(i følge meg sjøl vertfall) i fjoset. Eg har holdt ein sau. Bytta vatn te sauene som står i fødegardane. Gitt melk te 2 lam. Det eine lammet va jo meir og mindre håplaust å få i någe(hadde visst någe galt med underkjeven).Og så har eg tatt ein del bilder. Meir forvente ikkje eg av meg sjøl. Eg har egentlig et mål om å dra ut et lam, eller vertfall kjenna inni ein sau(har aldri gjort det)før eg reise nordover. Me får sjå. Det kan jo tenkast at eg plutselig ikkje får tid....
I dag leite eg gjennom bloggen for å finna ut ka laktasjon betydde. Irriterte meg at eg ikkje huska ka det betydde. Me nå vett eg. Det e tida mellom kalving og "ferie", ca. 10 mnd.
Dumt det ikkje går så bra med lemminga på Tunheim, men som du va inne på, så e det jo ikkje akkurat hovedbeskjeftigelsen dåkkars.
Dåkke e forresten velkommen te Sørbø når som helst.
Et lide sp.mål te slutt: Koffor e det at någen lam e kvite og någen e gule når de komme ut?

 
At 09 april, 2007 22:31, Anonymous Anonym said...

Eg har tatt i mot lam!!!! E vel litt stolt ja... Det va egentlig bare det eg sko sei.

 
At 10 april, 2007 11:10, Blogger Drusa og dei said...

Ja, er det ikkje fantastisk med dette livet ..... og skaparverket! Like stort kvar gong.

 
At 10 april, 2007 21:46, Blogger Drusa og dei said...

Nogen kvide og nogen gule. Dæ he mæ farjen på fostervatne å gjera. Fekk ein goe lått ei gong ein bonde kalte dei gule for påskelam. Kæ som gjere farjen på fostervatne... dæ vil eg ikkje skriva inngåande om her.
Helsing bonden.

 
At 18 april, 2007 14:36, Anonymous Anonym said...

Har det blitt någen kalvingar eller lam i det sista?
Hilsen sjefsbondekånå(føle dåkke e litt meir sjenerte i navnbruken...bonden og budeia- trur kanskje eg holde meg te Jofrid heretter:))

 
At 18 april, 2007 17:22, Anonymous Anonym said...

Er du kona til ein sjefsbonde? Eg trur mange ikkje har fått det med seg. (Denne meldinga er retta mot Jofrid, ikkje mor.)

 
At 18 april, 2007 23:25, Anonymous Anonym said...

Svar på spørsmål:
Eg har fått ein del kommentarar
angåande navnebruken min, så her trengs det kanskje ein liten oppklaring.
Det heile starta påsken 2007. Eg sko bare ta ein tur i fjoset før eg la meg og sjekka om alt var i orden. Eg oppdaga då någe eg syns va litt unormalt. Så då skreiv eg ein beskjed te bror min at han måtte sjekka dette då han kom heim og så signerte eg med: hilsen sjefsbondekona. Trur eg brukte det navnet for eg va så fornøyd med at eg hadde oppdaga dette "unormale" og syns vel derfor at eg fortjente et sånnet navn. Og så va det vel kanskje litt sjølironi òg...Men som sagt så fortsatte eg å kalla meg det, men så va det någen som syns det va litt rart det der med kona. Men du har jo ikkje mann. Hadde egentlig ikkje tenkt øve den problemstillinga. Så eg begynte å kalla meg sjefsbondedotter då eg huska på det. Men eg syns ikkje det hørtes så profft ut, så eg gjekk øve te sjefsbondekona igjen.
Ein dag så lagte eg ein film, som eg kallte "Innføring i gardslivet". Det som irriterte meg litt va at det ikkje gjekk an å legga den ut på bloggen, for eg hadde då lagt någen fantastiske nøtter(siden det va påske då) som då ingen fekk gleden av å svara på.Eller kanskje helst; eg ikkje fekk gleden av at folk svarte på:)Men det va kanskje liga så greit. Det hadde kanskje ødelagt sjefsondekånenavnet mitt. Men det eg egentlig sko sei, va at eg i filmen plutselig fant på kriteriene for at någen kunne kalla seg sjefsbondekona.
1. Du må ha FK-dress
2. Du må ha tatt i mot lam
3. Du må kunne heisa silo

Litt usikker på om eg har svart på spørsmålet ditt Lars. Nei, eg e nok ikkje kona te någen sjefsbonde.
Navnet bedrar...
Eg syns ikkje eg kan kalla meg
bare for sjefsbonde, så då blir det sjefsbondekona. Kona e liksom bare slengt på, akkurat som ein stum d. Men eg ska som sagt ikkje kalla meg det meir her inne. Det passa liksom ikkje. Men på "min" blogg kan det tenkast at sjefsbondkona vil ha et ord med i laget av og te:)
P.s. Eg e fullt klar øve at eg har det med å svara langt.

 
At 22 april, 2007 17:10, Blogger Drusa og dei said...

Eg prøver å få skriva ny blogg, men det vil berre ikkje. Eg kjem ikkje inn. Eg må visst spørja Lars om han kan læra meg det ein gong til. Gammal og gløymsken? Ikkje sei det!

 

Legg inn en kommentar

<< Home