søndag, mars 18, 2007

"Dæ swive"

Fyndord kan vera gode å ha i periodar. Me har hatt mange og ulike opp gjennom tidene. Spesielt hugsar eg det me hadde i den tida me flytte hit til Tunheim. Det var: " Du må`kke komme her og komme her!" Det flotte med slike fyndord er at dei passar til alle situasjonar. Og av og til passar dei ekstra godt. Då er det berre til å gapeskratta av. Sidan har me hatt t.d.: "Har du en hobby som du er blitt glad i.... og har du først en får du sikkert fler!" Den passa godt då arbeidsmengda verka uoverkommeleg. Me såg ikkje ende på alt som skulle ha vore gjort. Eit anna:" Med hode under armen og armen i bind". Her gjeld det å stå på uansett kva livet har å by på! I vinter har me hatt: " Det svive". Det kan tyda på at me er komne inn i rolegare farvatn og har ei kjensle av å ha hovudet over vatnet. Dei store prosjekta er unnagjort og det vert tid til å kvila middag på benken fleire dagar i veka. Har me skrudd ned både på tempo og forventningar, skal tru? Eigentleg er det flott når det sviv. Då går alt sin gang og hjula vert haldne i gang. Er ikkje det bra? Jau, det er bra! Medan influensa herja høyrde me ikkje noko om at noko aveiv her i på garden. Det var ikkje bra. Men no, no swiv det igjen. V`en skal ha godt trykk. Høyrde forresten eitt i radioen denne vekasom eg kunne ha tenkt meg: Don`t worry, be happy! Det var bra, men enno held me på at det sviv.
Sauene vart klypte denne veka. No er dei inne i garasjen, men ruslar ut og opp i Bakken når ikkje veret er for gale. I dag er dei inne. Dei gjekk og snuste på kvarandre då dei var klypte. Syns visst dei andre var løygne utan pels. Kom ikkje på å sjå på seg sjølve. No lyt me oppi og drøsa og klø så ofte me kan. Det er tre av dei som kjem og skal verta klødde. Synnøve, dottera Svanhild og Tilla. Eg har sagt til dei at det er vanskeleg å klø tre med to hender. Svanhild grev på meg med eine foten når ho må venta. Så er spørsmålet om alle har lam. I alle fall Synnøve, Bolla og Tulla. Truleg dei andre òg, men dei skal me "lytta på". Det vert spennande.
Synnøve ligg der med lyden sin. No har ho spedd på med vibrato på høg sopran! Dei andre lest ikkje høyra det. Eller kanskje dei tykkjer som eg at det er koseleg. Me har våre særtrekk og er individualistar alle saman!
God sundag!

Har du eit godt fyndord du vil dela med oss?

3 Comments:

At 19 mars, 2007 00:39, Anonymous Anonym said...

Fyndord ja...nå lerte eg någe nytt i dag òg. Har aldri hørt ordet før, men eg trur eg fatte litt ka det betyr.
Du kan f.eks seia "Javel... ude å flyr" viss du møde någen. Det går òg an å seia "Javel....og så et eller aent. Det e javel som ein ska legga trykket på.
Eller du kan seia(som ei av mine medgjess seie): "Ja, så sidde du der med skjegget fullt av postkassar". Det betyr visst någe sånt som: Så kan du bare ha det det så godt.
Ellers så går det møje i sånn enkle ord som: liksom, typisk, ska sei!. Dei passe(?)inn øve alt. Vett ikkje om de kan karakteriserast som fyndord akkurat.

Eg må bare få dela min glede(delt glede e dobbel glede). Me(gruppa mi) e endelig ferdig med prosjektet i samfunnsvitenskapelig metode. Leverte det inn i kveld. Huske eg klagte min nød over dette prosjektet ein gong tidligare her inne, då eg skreiv om ein motivasjonsteori som eg ikkje fatta så møje av. Eg måtte då legga fram om denne teorien på ei framføring me hadde heilt i starten. Om det va någen av dei som hørte på som forstod någe, vett ikkje eg. Eg forstod vertfall ikkje særligt sjøl. Godt ingen spurte. Saken e den at me kutta vekk heile den teorien og fant ein aen ittekvart...morsomt. Godt eg ikkje visste det då eg satt og vrei håve av meg for å finna ud ka eg sko skriva. Å vri håve av seg e kanskje et fyndord? Uansett...prosjektet e levert,eg e gla og letta, og det e snart ferie(for min del vertfall).

Spørsmål te slutt: Stemme det at ei gjennomsnittlig ku ikkje sove meir enn èin time i døgnet?
Det va vertfall det eg fekk hørra i dag.
Hilsen gla og letta:)

 
At 21 mars, 2007 10:28, Blogger Drusa og dei said...

Dei sa så på farmen, ja. Men eg trur dei slappar av mykje meir. Då ligg dei og hjortar og kviler og let verda gå sin (skeive?) gang.

 
At 26 mars, 2007 21:25, Anonymous Anonym said...

Hei Drusa & co.!
Statusrapport frå Sørbø:
6 sauer og 14 lam. I dag var eg med på min første fødsel dette året. Lige å kalla meg for assisterande jordmor, men det blir nå helst bare å sjå på. Eg spurte far om eg sko holda sauen, men han meinte det ikkje var nødvendig(den stod fastbunden). Eg holdt nå litt likevel:) Trur det var lurt. Det va ein ganske hard fødsel.Lamma låg visst litt hulter til bulter, så det var litt vanskelig å finna ut av det. Og så var dei så vanskelege å få ut. Syns synd på både far og sauen. Men det gjekk te slutt. Det sista lammet kom forresten baklengs. 3 store lam blei sluttresultatet. Men eg trur ikkje han hadde melk te dei. Lemde visst litt tidlig.
Eg har forresten funnet ei likesinna te Synnøve. Det va ei pusting og pesing(det va vertfall ein merksnodige lyd) uden lige på den sauen. Men det va visst bare eg som la merka te det. Dei andre sauene tok det jo med knusande ro. Fine dyr:)
Kossen gjekk det med ultralyden på sauene? Blir det mangen lam?

Har forresten lest igjennom heile bloggen dåkkars nå. Satt og flirte for meg sjøl. Det va bare så komisk møje av det dåkke hadde skreve(positivt meint altså).
Så nå har eg fått med meg alt frå instalasjon av roboten, kyr som komme og går,kalving,Bossi, Synnøve(hu virka litt rar. spennanes å sjå koss det går i år:)), hypsing(blei det någe av den hypseoppvisninga eller:)?), tur til Fillipinene(må ha vore ein opplevelse) og alt det andra som eg ikkje komme på i farten. Ser ut som dåkke trives med å vera bonde og budeia.
Takk for drøset i kveld òg:)

 

Legg inn en kommentar

<< Home