torsdag, mars 08, 2007

Kattar, fuglar og sauer

Det kan vera godt å byta stol av og til. Kanskje du har det som ein del av oss andre etablerte at det vert faste plassar etterkvart. Det er liksom så trygt og godt å sjå verda frå den vinkelen ein er vane med å sjå henne. Men her ein dag for litt sidan, dvs. då influensa var på retur og me angrepne var å betrakta som rekonvalesentar, sette eg meg rett og slett i den gamle farmorstolen som kattane no brukar til familieseng. Der vart fort ledig då pelletsane prikka og datt ned i matfatet. Eg sette meg og kjende ein god lunk i puta som gjorde godt.
Korleis ser så verda ut frå farmorstolen i det gamle brunnhuset? Vil tru at kattane sitt syn på livet ikkje er av det mest vidfemnande og svevande. Det er begrensa til å halda auga med matfatet og elles sova og kvila. No har eg ei kjensle av det skjer ting med kattane som eg ikkje har kontroll over, spesielt om nettene. Eg la merke til at Olivia var litt ukonsentrert i matfatet. Ho skulle stadig bort å kika i holet. Dei har slikt eit rundt fint hol i døra der dei kjem ut og inn og nyt fridomen på den måten. Olivia slit litt med å koma seg gjennom holet om vårane rett før ho skal fø, men det er naturleg.
Neste dag då eg kom inn og skulle gje kattane, vart eg heilt forskrekka. Det såg ikkje ut! Idyllen og freden frå dagen før var totalt borte. Her var det fjører og dottar over alt som vitna om ein kamp på liv og død. Og den uheldige gjesten som hadde kome inn holet var i alle fall død og oppeten. Midt oppi alt det tragiske rotet låg Olivia med alle sine i farmorstolen, førnøgde, glade og mette. Jærbladet hadde nett fortalt om at alle stormane frå søraust hadde ført ei keisarørn frå Aust- Europa til Brusand. Men kva fugl var dette? Han kunne godt vera stor etter fjørpryden å døma, men holet begrensar. Eg samla opp litt dun og fjører i ein pose som eg vil få ein fuglekjennar til å sjå på.
Sauene skal snart inn. Synnøve er dagalaus den 4. april. No gjeld det at ulla får turka slik at me kan klyppa dei og ta dei inn i garasjen. Men det er ikkje lett å få dei turre mellom regnbygene. I går kveld var dei turre, og i dag tidleg. Då snakka me om at kanskje idag kunne det laga seg, men då me kom inn or floren hadde det kome litt yr og ulla var fuktig. Etter vermeldinga å døma, må dei sikkert gå ei lita veka til. Det er så koseleg å få dei inn i garasjen. Då et dei kollosalt. Treng nok mykje energi for å dekka varmetapet. Eg syns litt synd i dei som misser pelsen så plutseleg og må gå og kulsa. Men i garasjen vert det koseleg. Ein god, lun lunk som luktar lanolin og sau. Og så vert det mykje kløing og drøsing.

Eit spørsmål:
Kva betyr det å vera dagalaus?

23 Comments:

At 08 mars, 2007 14:40, Anonymous Anonym said...

Hei!
Godt å sjå/høyra at dåkke e på beinå igjen. Lemminga nærme seg jo, så då e det vel ein del å forbereda te det, kan eg tenka meg.

Det med faste plassar e eg så for.
E nok litt vanemenneske sånn. Men trur du ikkje at det var ei som tok den "faste" plassen min på datalabben i dag. Trur ikkje dataen på hennar faste plass funka.
Ja,ja..eg måtte fint finna meg ein ny plass. Lure på kim sin plass eg tok?

Det spørsmålet til slutt var vanskeleg. Hadde det nå vore magalaus, sko eg nok klart det. Det som gjer det ekstra vanskeleg e at eg ikkje vett kim Synnøve e. Men eg prøve meg på et par forslag.
Kanskje Synnøve e ein hest(trur bonden nemde stallen ein gong, men om dåkke han hest vett eg fint lite om). Då trur eg hu har termin(seie ein at dyr har termin?) den 4. april. Dagalaus betyr då at hu ikkje har fleire dagar igjen å gå drektig. Eller kanskje hu ska slaktast. Passa best te ordet dagalaus...rett å slett ikkje fleire dagar igjen.Huff, det høyrtes fælt ut. Nei, eg trur eg trenge litt hjelp.

 
At 08 mars, 2007 15:45, Blogger Drusa og dei said...

Interessant å lesa alle koselege og fornuftige tankar, Jofrid! Du kan ikkje vita at Synnøve er ein sau, men det er ho. Grand old lady, etter kvart. Ho er veldig tjukk, og lite spenstig når ho går. Og no når magen veks, stønnar ho ganske mykje. Også når ho ligg, ho har liksom ein lyd på utpusten. Er redd at det kunne ha irritert folk, men det ser ikkje ut til at dei andre sauene bryr seg i det heile. Ein utruleg god eigenskap! Synnøve er mor til Signe og Svanhild. Dei vart fødde for snart eitt år sidan. No ventar dei óg små. Er inseminerte. Så har me Tilla og dotter henna Tulla, og Bolla som var gjeldsau i fjor og heldt på å omkomast av ei mangelsykja oppi fjellet. Heile 6 sauer har me altså som me håpar er drektige. Og du tolka rett, dagalaus er ein sau når han går over terminen. Trur det heiter termin hjå dyra óg. Lemminga starta i påskehelga så då er alle velkomne til Tunheim for å sjå korleis det går!

 
At 08 mars, 2007 15:45, Blogger Drusa og dei said...

Interessant å lesa alle koselege og fornuftige tankar, Jofrid! Du kan ikkje vita at Synnøve er ein sau, men det er ho. Grand old lady, etter kvart. Ho er veldig tjukk, og lite spenstig når ho går. Og no når magen veks, stønnar ho ganske mykje. Også når ho ligg, ho har liksom ein lyd på utpusten. Er redd at det kunne ha irritert folk, men det ser ikkje ut til at dei andre sauene bryr seg i det heile. Ein utruleg god eigenskap! Synnøve er mor til Signe og Svanhild. Dei vart fødde for snart eitt år sidan. No ventar dei óg små. Er inseminerte. Så har me Tilla og dotter henna Tulla, og Bolla som var gjeldsau i fjor og heldt på å omkomast av ei mangelsykja oppi fjellet. Heile 6 sauer har me altså som me håpar er drektige. Og du tolka rett, dagalaus er ein sau når han går over terminen. Trur det heiter termin hjå dyra óg. Lemminga starta i påskehelga så då er alle velkomne til Tunheim for å sjå korleis det går!

 
At 09 mars, 2007 04:29, Blogger Islandur said...

Kan vera gildt å lesa kommentarar i stereo.

Eg gissa óg at det var dagar over terminen, men vert litt bakvendt å gissa når fasiten kom i førevegen. Men Synnøve hugsar eg godt, og eg ynskjer henne alt godt i lemminga, men greier ho det åleine? Dei islandske sauene lemmer og styrer på utan innverknad frå menneskjet, og det har eg høyrt at er uvanleg. Kan dette stadfestast? Islandske sauer har dessutan óg lågare intelligens enn andre, men det er mine eigne røynsler, og har ikkje vorte vitskapleg prova..!

Vil anbefala http://www.sau.no/

God dag.

 
At 09 mars, 2007 10:16, Blogger Drusa og dei said...

Ja, eg ser eg var litt enkel og rask med å avsløra fasiten. Godt med det enkle, men kanskje ikkje alltid det beste.
Då kan dei som ikkje fekk svara på fyrste spørsmålet få eitt nytt:
Kor lenge går ein sau drektig?

 
At 09 mars, 2007 17:02, Anonymous Anonym said...

Det va rart...gjekk faktisk å funderte på det sp.målet i går. Vett eg har lært det ein gong. Har prøvd å resonert litte granna. Tenkt på ka tid den store kåringsdagen var(då eg va liden va det ein av dei store dagane i året). Paringstida må jo vera ei tid etter det. Eg har gjort meg opp ei meining, men eg skrive det vertfall ikkje før Islandur har fått tippa.

I går va eg på Tupperware-party. Det tredje i sitt slag etter jul. Men i går klarte eg å vera fornuftige. Kjøpte bare ein vertikal potetskrellar. Tupperware-potetskrellar anbefales! Vett ikkje koss eg sko klart meg uden den på Fjellheim. Hadde eg ikkje visst om an, så hadde eg vel klart meg fint uden:)

Så te spørsmåla mine. Det dukke egentlig opp nye heile tida.

1. Har dåkke hest, eller blir stallen brukt te någe aent?
2. Har dåkke navn på alle dyra?
Forstår ikkje kossen dåkke holde styr på alle navna og nummera. Eller forresten, då eg tenke meg litt om, så blir det kanskje på samme måten som eg huske PLU-kodane på frukta. 5730 Banan, 5526 Rød paprika. Har glemt mange. E ei stund sidan eg jobba på butikk nå.
3. Har dåkke andre dyr enn sauer, kyr og kattar? Og kor mange har dåkke av kvart slag?

Så litt spørsmål om lemming:

4. Er det andre sjukdomar som er vanleg i lemminga(utan om melkefeber)?
5. Koffor må et lam som komme med halen først, fort ut(har det bare med at det må ut for å pusta?)?

Nå må eg springa. Seint ute som vanleg. Me ska ha leir på Fjellheim i helga. 19 ungar som er påmeldt. Det blir bra.

 
At 10 mars, 2007 10:46, Blogger Drusa og dei said...

Kjekt med spørsmål og ungdomar som vil vita meir.

1. Hest?
Nei me har ikkje hest. Stallen er ombygd til eit minifjos med plass til fire kyr eller kviger. Dessutan er det ein grisebinge innforbi ein delevegg som nabo til stallen. Også denne er ombygd til storfe. Der har me 4-5 kalvar. Dei går lause, og har eit opphøgd parti med mjuke gummimattar der dei ligg når dei kviler. Det er ein opning (dør) mellom desse to roma, slik at ein kan ha fire ammekyr på bås og ein 7-8 kalvar som går lause i lag med desse.
kyrne.

2. Ja, me har namn på alle dyra. Og dersom berre interessen er til stades, lærer ein fort nummer og namn.

3. Nå har me berre kyr, sauer og kattar. Hunden vår, Bossi, måtte få sleppa å leva før jul. Ho var full av kreft. Men ho var gamal og hadde nok alt i alt hatt eit godt liv.
Antal: Av storfe har me ca. 130 i samdrifta. Alt som har med mjølkekyr og kviger/kalvar etter desse er hjå oss. Tilsaman 70 - 80 stk. Av dei er det bortimot 40 mjølkekyr. Resten av storfeflokken er ammekyr med avkom. Dei er i fjoset til ein av kompanjongane i samdrifta. Ca 50 stk.

Av sauer har me berre seks. Men dei skal jo formeira seg om ein månads tid.

4. Andre sjukdomar enn mjølkefeber:
Fødselsvanskal på sau er nokså vanleg. Oftast p.g.a. feilstillingar.
Så kan det verta infeksjon i kjønnsorgana i tilknytning til fødsel.
Abortar er det og ein del av på sau. Helst unge dyr, og på grunn av ein parasitt (Toxoplasma) som reduserar næringstilførselen til fostera inni børen (livmora).
Mastitt (jurbetennelse) er og ein sjukdom som det er ein del av. Og ofte så akutt at den angrepne kjertelen vert øydelagd. Høg feber er og ofte ein del av symptombilete.
Elles er det og ein del ulike sjukdomar på lam. Og speddyr er sårbare, og sjukdom på desse kan vera livstruande.
Resten får eg koma tilbake til seinare. Oppgaver kallar.
Helsing bonden.

 
At 11 mars, 2007 17:44, Blogger Drusa og dei said...

Så var det spørsmål nr.5.
Dersom lamma ligg sånn inni børen at berre halen kjem, må ein først retta ut bakbeina. Berre i skjeldne tilfelle er det forsvarleg å snu dei, slik at ein får dei ut rette vegen; d.v.s med frambeina og hovudet først. Har ein begge bakbeina, så går det bra om bekkenet på sauen er romsleg nok.
Ved å trekkja ut eit lam baklengs, vert det stort trykk på ribbeina til lammet når det skal ut. Det er fare for at ein del ribbein knekker. Elles er det slik at når halve lammet er ute, kjem navlesnora i klem, og blodsirkulasjonen i navlen vert hemma. Etter kort tid vil lammet dra pusten for å få oksygen. Om hovudet då framleis er inne i mora, er det ikkje luft å få, og lungene vert fyllte av fostervatn i staden. Derfor er det begrensa tid til rådighet for å få eit lam ut levande når det kjem baklengs.

Helsing veterinæren.

 
At 11 mars, 2007 17:44, Blogger Drusa og dei said...

Så var det spørsmål nr.5.
Dersom lamma ligg sånn inni børen at berre halen kjem, må ein først retta ut bakbeina. Berre i skjeldne tilfelle er det forsvarleg å snu dei, slik at ein får dei ut rette vegen; d.v.s med frambeina og hovudet først. Har ein begge bakbeina, så går det bra om bekkenet på sauen er romsleg nok.
Ved å trekkja ut eit lam baklengs, vert det stort trykk på ribbeina til lammet når det skal ut. Det er fare for at ein del ribbein knekker. Elles er det slik at når halve lammet er ute, kjem navlesnora i klem, og blodsirkulasjonen i navlen vert hemma. Etter kort tid vil lammet dra pusten for å få oksygen. Om hovudet då framleis er inne i mora, er det ikkje luft å få, og lungene vert fyllte av fostervatn i staden. Derfor er det begrensa tid til rådighet for å få eit lam ut levande når det kjem baklengs.

Helsing veterinæren.

 
At 11 mars, 2007 23:31, Anonymous Anonym said...

Tusen takk for svar! Eg spør om både vist og uvist, men sånn e det bare:) Det e så greit då dåkke svare på ting eg egentlig lure på, men ikkje har spurt om. F.eks ka børen e. Det seiest at eg ei tid då eg va liten va veldig redd for å gå på do. Eg va så redd for å pressa ut børen. Forstår meg godt eg. Det ser jo ganske basje ud. Tenk å måtta gå med sånn ein sele.

Nå har eg akkurat fått ein leksjon om ammekyr og melkekyr av søster mi. Greit med ein oppklaring av og te. Vertfall då du trur det virkelig har gått opp et lys for deg, men så har det ikkje det likevel. Ja,ja me lere så lenge me leve.

Glede meg te å komma heim å praktisera mine nye kunnskaper. Syns eg ser me i fjoset, leitanes itte sauer som muligens e sjuke. Komme te å spenna opp alle sauene som ligge og late seg. Her må det sjekkast at dei e friske og raske. Det kan jo tenkast at dei har melkefeber.
Trur eg har potensialet te å bli ein utmerka bonde...hehe. Neida, trur ikkje det e så stor fare for at eg går inn i det yrke. Men eg syns nå det e kjekt å lera om det, siå eg tross alt e frå gard.

P.s. Hb du snart svare på spørsmålet du fekk Islandur.Eg e så spent på kor langt eg e frå fasiten.

Takk for meg(for denne gong).Det blei visst ein liden avhandling i kveld òg.

 
At 12 mars, 2007 20:45, Blogger Islandur said...

Eg har høyrt rykter om at sauen gjeng drektig i omlag 4 og 3/4 månad, eller bortimot 150 dagar eller deromkring... Kan det stemma?

Eg har elles ikkje peiling på sau, anna enn at Islandsk sau har ei fantastisk god og mjuk ull, og at dei ikkje har hale..! =)

 
At 12 mars, 2007 21:15, Anonymous Anonym said...

Obs...eg hadde tenkt å tippa 6 mnd og +/- 4-6 dagar. Syns å huska at det sko vera någen dagar te eller frå. Kanskje det bare e 5 mnd, siå at Islandur tippa 4 3/4 mnd.
Ja,ja...me får venta på fasiten:)

 
At 13 mars, 2007 18:57, Blogger Drusa og dei said...

I min barndom på Voss, for lenge sidan, gjekk sauene drektige i 5 mnd. minus 2 dagar. Men dyrlegen seier at her på Jæren går dei 5 mnd. minus 4 dagar.

Nå måtte budeia springa.

 
At 15 mars, 2007 00:58, Anonymous Anonym said...

For lenge, lenge, lenge, lenge, lenge, lenge sidan? ^^

 
At 15 mars, 2007 09:01, Blogger Drusa og dei said...

God-dag Skippern!
Lenge-og-lenge? Nogen år æ dæ jo for okke som va fydde midt på føregåande århundre.
Når dæ gjelle den drektighetstiå, så vil jo dæ variera frå sau til sau, og litt ulikt er dæ au når dæ gjelde ulike rasar. Av og til går dei over 5 mndr.

Helsing bonden

 
At 15 mars, 2007 13:51, Anonymous Anonym said...

Hei!
Nå har eg foretatt ein aldri så liten undersøkelse angående kor lenge ein sau går drektig. Sidan dåkke snakka om både 2 og 4 dagar, tenkte eg måtte sjekka opp kossen det egentlig stod te med sauene på Sørbø. Eg sendte då 2 spørsmål til 3 utvalgte familiemedlemmer. Svara er usensurerte, derfor har eg valgt å bare setta nummer på personene.
Første spørsmål var som følger: Kor lenge går ein sau drektig?
1: 5 mnd minus 3 dagar
Dei andre to blei bare spurt om kor mange dagar i minus det var.
2: D e minus tri dagar.
3: Litt usikker. -3 dager er mitt forslag.
Så fekk dei spørsmål 2: Ka om ein dyrlege seie at det e minus 4 dagar då?
1: Heilt ok.
2: Då seie eg nei, nei du burde ikkje vore dyrlege.
3: Eg trur begge deler er rett. Dette varierer. For kun kort tid ble svangerskapstiden endret hos mennesker, dt har nok skjedd hos sauene og. 148 dager er mitt nye svar.


Konklusjonen på det første sp.målet må bli at det ser ut som sauene på Sørbø går drektige i 5 mnd og minus 3 dagar.
Voss: -2, Sørbø: - 3, Jæren: - 4
E det ein tilfeldig sammenheng mon tru?
Vett ikkje kossen eg ska konkludera det sista spørsmålet. Det ser ut som någen e villig te å forandra meining dersom ein person som har meir kunnskap på området seie någe aent, mens enkelte står på sitt samma ka.

Det eg har fått ut av denne undersøkelsen e vel at det kan variera kor lenge ein sau går drektig, som bonden har vore inne på. Men det ser ut som det også kan vera stedsbestemt.
Har bonden eler budeia någe å seia på resultatet?

P.s. Eg har fått meg ny fast plass på data-labben. Va godt det va någen som tok plassen min sist gong=)

 
At 15 mars, 2007 15:36, Blogger Drusa og dei said...

Alle svara er rette. Det at sauene går lenger på Voss kan ha med det at dei er lite ute om vinteren. Godt med mosjon er bra, og gir lettare fødslar. Sauene på Tunheim har variert med frå 9 dagar under 5 mndr. til 1 dag over 5 mndr. Dei fleste går 3-5 dager mindre enn 5 mndr.
Helsing bonden

 
At 15 mars, 2007 18:14, Blogger Drusa og dei said...

Når me diskuterar fødsel på sau: Marginane er ikkje så store når det gjeld å få levande lam. Meir enn ei veke før termin nærmar seg kritisk. Umodne lunger med pustebesvær er hovedproblemet.
Helsing veterinæren

 
At 15 mars, 2007 21:12, Blogger dei innante said...

Hallo Tunheim-folk!
Tenkte eg måtte sjå innom bloggen dykkar, og så havnar eg midt i ein krevjande fag-diskusjon!
Først - tusen takk for julekort(litt seint, men...) - veldig kjekt. Mine ligg framleis uskrivne i ein skuff, men då er eg i alle fall budd til neste jul...
Eit lite apropos til saue-diskusjonen: her hos oss går sauene drektige i 5 mndr. minus 8 dagar, kanskje kortare(me slepp veren saman med heile flokken, så dette er tida frå slepp til første lemming). Kan hende fordi dei er så gode til å trimma? Dei spring over haug og hammar heile vinteren, og er merkbart sprekare enn sin eigar... Kan hende er det rasen som spelar inn.
Det er heldigvis ei stund til lemming ennå. Surt, vått og kaldt, og ikkje så mykje fristande å tygga på for ulldottane.
I fjoset er det derimot både tørt og lunt, men både kalvar og kyr kikkar med lengsel ut fjosporten. Når kan me sleppa ut? Med eit stadig blautare Ryfylke-klima ser det ut til at vårvinna er eit stykke fram i tid - ein kan knapt nok køyra trillebår!
Damene frå Tunheim er i god trim, og er framleis snille. Det einaste er at Helga går i stadig meir diktatorisk retning. Kan hende ein karriere i LO kunne vore noke? Spørs om ikkje trusselen om slaktebilen blir sett ut i livet når det går mot avgjelding...
Kalvane frå Tuheim lever òg godt, og får stadig lovord frå fok som er innom i fjoset.
Er det forresten mogleg å kjøpa ei ny pulje med stutpåsar i byrjinga av mai?
Dei falt så godt i smak at me visst godt kan slakta fleire.
Eg var faktisk like i nabolaget dykkar her om dagen - på kurs om lyngheipleie på Samfunnshuset. Eg ville gjerne stukke opp i tunet, men nokre damer med fulle jur venta heime - og til ferja har ein jo som kjent alltid dårleg tid. Skal gjera det godt igjen ved neste anledning!
Det var forresten eit inspirerande kurs, så no går eg med stikkedåsen i lomma og ventar på litt tørt vêr...
Då får dokke ha det bra til me snakkast igjen - lukke til i vårvinna!
Helsing frå Silje og alle to- og firbeinte på Skiftun

 
At 18 mars, 2007 08:30, Blogger Drusa og dei said...

Pyromanen ligg latent.
Koseleg med innlegg frå "innante". Trur nok det skal verta råd med stutapåsar. Me har hatt ein pause i kalvinga nokre månader. Selde alle som skulle kalva først på året. Så den første som skal til pers nå er 319 Frøken, mor til Jento, tidlag i april. Det er 9 som skal kalva i april og mai, så det må vel verta nokre påsar.
Helsing bonden

 
At 16 januar, 2010 06:09, Anonymous Anonym said...

I inclination not agree on it. I think polite post. Particularly the title-deed attracted me to be familiar with the unscathed story.

 
At 20 januar, 2010 03:21, Anonymous Anonym said...

Nice brief and this post helped me alot in my college assignement. Say thank you you seeking your information.

 
At 21 januar, 2010 06:23, Anonymous Anonym said...

Easily I to but I contemplate the list inform should have more info then it has.

 

Legg inn en kommentar

<< Home