måndag, februar 05, 2007

Roboten og vevkona

Roboten er eit nytt fenomen og ein nokså ny installasjon i norsk landbruk. Og kanskje vart han lenge sett på som eit framandelement her "på bjerget".Han er for det meste bygd opp av røyrar og slangar. Blanke røyr og svarte og blåe slangar. Alt dette er kobla saman slik at roboten fungerar og gjer det han skal gjera. Ein ukjend vitenskap for mange av oss. Både konstruksjonen og dei blanke røyrane gjer at han skil seg ut frå den andre innreiinga i floren. Kanskje hadde det hjelpt om røyrane vart måla grøne slik resten av innreiinga er?
Utanom spurvane som finn livd og mat i lausdrifta er der eit anna dyr som har livet sitt der, nemleg vevkona, eller veffkåno som me seier på Voss. På Jæren kallar dei henne spinnkjering. Ho spinn veven sin her og der rundt i alle krær og smette. Litt fangst får ho nok. Roboten hadde ikkje stende lenge før ho lista seg varsamt bort på dette blanke røyrvidunderet og prøvde seg med ein liten tråd frå luftslangen til næraste røyr, neste trå på skrå og slik heldt ho på att og fram. Luft-, vakum- og vasslangar, og ikkje minst det store mjølsloket, alt vart vove ihop med røyrar. Slik heldt ho fram. Det vart mange små vevar over heile roboten. Mange av dei feste ho i taket. Og budeia og bonden kunne tydeleg sjå at dette blanke vidunderet hadde vorte ein del av det andre inventaret. Takka vera vevkona. Her må me kunna snakka om inkludering? Kanskje noko for inkluderingsministeren å filosofera litt over?
Ho mor ville aldri me skulle gjera ende på vevkonene om me fann dei når me for rundt med grønsåpevatnet i stovo. Dei kunne bringa lukka, sa ho. Eg lo av det og kalla det for overtru. Det gjer eg i dag òg, men eg har ser med litt andre augo på dette vesenet med den store magen.
Her om dagen tok bonden fram, ikkje grønsåpevatnet, men høgtrykkspylaren. Roboten måtte skeinast opp, servisemannen skulle koma. Vevetrådane for med vatnet og snart stod det blanke vidunderet der som det skulle vera nyinstallert. Korleis det gjekk med vevkonene veit me ikkje, nokon rauk nok med i dragsuget, vil eg tru. Dei andre gjekk vel i ei god gøyma nokre dagar. Men no er det kome nokre små trådar att. Frå ein gul pendel og bort i eit røyr og mellom eit blått deksel og robotarmen. Det gjeld å ikkje gje seg!

28 Comments:

At 05 februar, 2007 22:28, Anonymous Anonym said...

Eg ser de for meg desse spinnekjerringane. God beskrivelse=) Må nok sei at eg ikkje syns så møje om de,sjøl om det e jo heilt fantastisk det de får te.
Denne roboten som dåkke har; trenge dåkke ikkje gjera någen ting med melkinga lenger. Går liksom alt av seg sjøl?Merkeligt syns nå eg...

 
At 07 februar, 2007 13:57, Blogger Drusa og dei said...

Mjølkinga går nesten heilt av seg sjølv. Men viss det er noko som skjer seg så går alarmen. Då ringjer roboten og fortel med ei ganske festleg robotstemme kva som er gale. Han les på engelsk, men uttalar alt på norsk! Kåre klarer ordna mykje, men av og til eller rett som det er, må ein servisemann på plass. Og av og til mjølkar me manuelt. Då koblar me ut "auto". Det kan vera ei kyr som står uroleg slik at ikikje roboten finn spenane. Det kan vera ei som har skitna seg mykje osv. Eller at det ein spene som ikkje vart mjølka sist gong den kua var inne. Då ordnar me opp i det når me er i floren. Det er sjeldan me går bort utanom stedletidene. Det kan vera me må det når kvigene skal læra seg til og dei må ha hjelp til å koma seg inn i roboten. Det klare ikkje roboten åleina. Andre ting han ikkje kan? Han kan ikkje klø og ikkje drøsa slik at ei som er litt redd vert tryggare. Men kanskje det går an å utvikla ein robot som kan det? Ta drøset mitt opp på band og så spela det omatt og omatt medan kua står inne i roboten, og installera ein kost som klør og klør? Kanskje eit tips til Delaval?

 
At 07 februar, 2007 17:32, Blogger Sildesotten said...

Va goe beskrivelse av eddarkoppane på Tunheim. Va mesten sånn at eg fekk litt sympati for di.. mesten....

Gjett kem så ska bårt t Knut nå...! Whiiiii!

 
At 10 februar, 2007 14:48, Anonymous Anonym said...

Delaval ja....eg måtte søka på internett for å finna ud ka det va. Melkesystem greier. Bare foreslå idèen din te dei du. Bra tiltak med den idèbanken på fjellheimbloggen...eg kom nettopp på ein god idè(?). Det e jo ikkje sikkert det blir någe av sånn sponsor-løp. Men eg tenkte at kanskje drusa og dei ville sponsa meg likevel. Her e planen: Ein tur rundt prestevannet tar ca. èin time (fra meg, rundt og heim igjen). Resultatet blir: Eg får trim, nybygget får inntekt og drusa og dei støtter et bra formål.
Viss kvar ku sponse med 50 øre turen(det kan vera at det blei litt vel møje, ane ikkje kor mangen kyr dåkke har). Så kan jo eg til gjengjeld sponsa dåkke med någe. E det någe dåkke trenge et spark bak te å få gjennomført? (Det va bare ein av mine meir eller mindre gode idèar, så bare overse det viss det ikkje va så lurt. Blir på ingen måte sur).
Ellers går det bra på Tunheim? Har dåkke fått någen kalvar i det sista?

 
At 11 februar, 2007 20:52, Blogger Drusa og dei said...

Hei Jofrid.
Det er godt med kreative idear. Me har snakka med veninnene til Drusa, og dei er slett ikkje umota på det. Viss dei bare får noko godt, kan dei laga litt ekstra mjølk, slik at det vert litt pengar til Fjellheimbygget. Dei treng berre produsera 1 dl ekstra med mjølk for kvar runde du tek rundt vatnet for å betala ut sonsorpengane. Så det er greit. Du får ca. 20 kr. pr. tur, som går til nybygget.

Elles er det ikkje svært mykje å fortelja om spesielle hendingar i fjoset. Ikkje kalving før slutten av mars. Så aukar det på utover våren og sommaren. Dersom du kjem heim til sommaren, kan du koma på besøk og helsa på Drusa og dei.

Denne veka var det ein kar frå www.kubygg.no og såg på oppførsla til kyrne. Mange lausdriftsfjos rundt i Norge skal ha besøk av desse. Dei skal prøva å finna ut kva slag innreiing som er mest gunstig, slik at det kan verta noko håndfast rådgiving på området. Han som var har, dreiv med registreringar i 6 timar.

Elles er det kald vind i dag. Nokre kuldegrader, men dei går gjennom marg og bein.

Helsing bonden.

 
At 11 februar, 2007 22:37, Anonymous Anonym said...

Høres ut som en flott jobb det der med registrering. 6 timer i fjoset. Det kunne eg og ha likt godt. Liker fjøs og slike ting.

 
At 12 februar, 2007 15:01, Anonymous Anonym said...

Heisann!
Dåkke må hilsa så masse te veninnene te Drusa og seia tusen takk for sponsinga. Sei te de, at de e någen kjempe flotte kyr(kanskje det hjelpe på sjølbilde, som igjen vil føra te at de produsere meir melk?). Kanskje eg tar meg ein gåtur allerede i kveld. Vêret e vertfall bra.
Leve egentlig Drusa lenger? Eg kom te å tenka på det,at hu må jo i tilfelle vera super gammel(viss ikkje det òg e ei av de som komme utanom systemet).
Går det forresten bra med spansken, Marta?
Nå ska eg heim te komla....hurra! Det e ikkje akkurat hverdagskost her oppe. Greit med besøk sørfra som ordne med komlemjøl og sånt.

 
At 12 februar, 2007 17:14, Blogger Drusa og dei said...

Spansken går det veldig bra med. Trur eg får med meg ting etter kvart og det er ein god følelse. Sist onsdag prøvde me å laga setningar t.d. Tenemos una gata se llama Olivia. Tiene dos hijos, se llaman Villmannen y Pistrpys. Var det rett, trur du?

 
At 12 februar, 2007 19:03, Blogger Drusa og dei said...

Svar på spørsmål: Leve Drusa ennå? Dersom du går inn på blogg frå september 2006, finn du eit innlegg med overskrifta "Haustleg". Der står det om Drusa. Ho var fødd i 1997, og vart nokså gamal. Eit fredeleg vesen som ikkje gjore nokon noko vondt. Litt utruleg at ho skulle verta så gamal. Ho hadde jurbetennelse i to spenar som nykalva kvige. Den eine spenen vart endåtil avgjeld. Men ved neste kalving var alt i orden. Sommaren 2005 vart ho beten av ein hoggorm. Hovna opp i hovudet og halsen slik at ho likna mest på ein flodhest. Var så dårleg ei stund at ho hadde problem med å gå. Var usikker på om ho kom til å stå det over. Slutta heilt å mjølka. Men etter ei veke besna ho smått om senn. Vart litt mjølk i ho óg. Ved kalving i 2006 var ho den same gamla Drusa igjen.

Helsing bonden.

 
At 12 februar, 2007 23:22, Anonymous Anonym said...

Du lære fort. Eg forstod nesten alt av det du skreiv, måtte bare slå opp gata(trudde egentlig at det måtte bety katt). Stussa litt i begynnelsen, då eg trudde du snakka om ei gata på Tunheim som hette Olivia. Fekk det liksom ikkje heilt te å stemma(men ka vett vel eg om alle "gatene" på Tunheim.....) Eg sko Så ønska at eg huska spansken min. Kanskje eg må ta fram spanskbøkene mine igjen. Har gjort det før. Det gjekk greit i starten, heilt te det begynte å bli litt vanskelig...

Ein gong eg besøke mormor ska eg stikka innom(les:viss eg tør). Får eg lov å se roboten i aksjon då?

 
At 13 februar, 2007 09:10, Blogger Drusa og dei said...

Ja, her er alle velkomne. Både til å sjå roboten og elles!
Når det gjeld spansken så må eg nok rekna med at det kan verta vanskelegare å halda oversikta etter kvart. Enno er det berre spennande og kjekt!

 
At 14 februar, 2007 00:27, Blogger Islandur said...

Eg, for min del, er impregnert over alt det går an å blogga om i eit fjos. Mest slik at eg saknar kydne på Norland når eg vert minna på alle dei sjarmerande detaljane, og det yrande livet i fjoset!

 
At 14 februar, 2007 23:21, Anonymous Anonym said...

Happy valentinsday! Vett ikkje om dåkke feire sånt på Tunheim(det e jo sånt nymoderanes greier-ikkje det at dåkke e gammaldags altså)?
Eg for min del har ikkje tal på alle blomstene og korta eg har fått i dag...hehe.
Eg må bare få skrøyta av det FANTASTISKE vêret me har her fortida. Det e sol frå skyfri himmel og norlys om kvelden. Kjekt for alle søringane som e her på kortkurs. De får virkelig oppleva Tromsø på sitt besta.
Eg har ikkje gitt dåkke svar på gåta. Det va ugla, altså u-gla(d).
Ska ikkje pakka på dåkke fleire gåter(tok hintet..hehe).
Eg leste i Suldalsposten(ei av dei eg bur med e frå Jelsa) her ein dag. Der stod det om Erfjord-kua 216 Stjerna. På 10 kalvingar hadde hu produsert 100 tonn melk, og det va visst veldig møje ...sensajon visstnok. Har ingen fagkunskaper på området te å seia någe imot det.Eg lærte meg i det minsta et nytt ord- laktasjon, som betyr kalving(?). Og at melking og kalving har ein sammenheng(kanskje ganske logisk egentlig). Men kor lenge melke egentlig ei ku, frå hu har kalva?

 
At 15 februar, 2007 08:09, Blogger Drusa og dei said...

Ja, den gådå, ja. Den hadde eg gløymt. Det er ein del som svirra i håve, og som tek oppmerksomhet.

Ordet LAKTASJON er tida frå kalving til sining. Det er den tida ei ku mjølkar etter kalving fram til ferie (sintid); vanlegvis ca. 10 mnd. Sintida (gjeldperioden) er og ei viktig tid. Då skal kjertelvevet i juret byggjast opp igjen til ein ny laktasjon. Er og viktig at kua får denne ferien for å kunna produsera god råmjølk til kalven. I råmjølka er det antistoff, og dei treng kalven for å vera motstandsdyktig mot infeksjonssjukdommar.
Alt er viseleg laga.

Berre spør vidare. Det er ein god måte å læra på.

Helsing bonden.

 
At 15 februar, 2007 22:48, Anonymous Anonym said...

Ja, vi har en fantastisk skaper. Blir stum av undring over alt han har tenkt på.

 
At 16 februar, 2007 12:15, Anonymous Anonym said...

Hei igjen!
Jaså, bonden meine at eg har någe å læra....trur han har rett i det=)
Det e litt pinligt å kunna så lite, då du faktisk e frå gard. Men når det gjelde kyr og sånt, så e eg jo litt unnskyldt. Men i går vett du, snakkte eg med mor, og så spurte eg om hu visste ka laktasjon va. Det visste hu faktisk ikkje, så då måtte jo eg forklara hu det(det va gøy..hehe).

Trur eg har lyst te å læra litt meir om sauer nå. Lemming står jo snart for døra og det kan jo vera greit med litt kunnskaper på det området(heilt blank e eg då ikkje, sjøl om enkelte sikkert vil hevda det). Har nok bidratt mest inne i løpet av min oppvekst. Kunne ikkje forstå(då eg va mindre) at det va nødvendig å gjera någe ute, då eg hadde bestemt at me sko vaska inne(det bestemte eg ca. kvar lørdag). Syns dei andre søskena mine hadde dei dårligaste unnskyldningane for å gå ut. Liksom det sko vera nødvendig å rydda på låven eller i fjoset...(kim gjekk vel der å såg). Har ledd og tulla ein del med det, nå som me e blitt "store".
Lemming ja.....det va jo det eg sko læra någe om. Kanskje eg kan læra någe om forskjellige sjukdomar sauene kan få i forbindelse med lemming. Jurbetennelse, melkefeber osv....kossen oppdage ein egentlig det?
Må bare fortella om den komiske drømmen eg hadde i natt. Eg drømde at dåkke hadde lagt ut bilder av dåkke sjøl på bloggen. Egentlig va det bare bilder av Marta og hu gjorde seg skikkelig te...uansett vett eg ikkje om bildene stemme så godt. Marta hadde langt hår og krøller. Stemme dette Marta? Såg itte kvart at bonden òg hadde lurt seg med på et par bilder, men huske ikkje så møje meir av det.
Ja,ja morsomt va det vertfall.....

 
At 16 februar, 2007 20:33, Blogger Drusa og dei said...

Først til draumen. Eg trur ikkje det er den Marta som bur her i huset du har sett.

Marta er reist til Voss denne helga, så det kan gå litt tid før ho svarar, om ho då ikkje finn seg ein PC med tilgang til internett....

Så var det det som har med læring å gjera. Tanken var slett ikkje å såra. Eg opplevde det heller slik at det vart lagt opp til å koma med litt faktaopplysningar. Så tilgje meg at eg skreiv den siste setninga. Eg tykkjer det er frisk og interessant kommunikasjon, og har ingenting imot at den held fram. Så det kan du ta som eit kompliment.

Så litt om sauasjukdommar. Har nett hatt undervisning på Vinterlandbruksskulen, bl.a 4 timar om sjukdom på sau.
Melkefeber på sau er ulik melkefeber på ku med at sauene oftast får det nokre veker før lemming. (Kyrne får det i forbindelse med kalving). Hjå sau har det samanheng med forbeininga av knoklane hjå fostera. Om det då vert uregelmessigheter i fôringa i denne mest kritiske tida, kan kalciumverdiane i blodet siga så lågt at det vert mjølkefeber. Sauen vert kald og sløv. Vert liggjande ute av stand til å koma seg opp. Må ha behandling med calcium for å overleva.

Elles er det å seia at sauer er ålreite dyr.
Så langt i dag.

Helsing bonden p.t. graskar.

 
At 16 februar, 2007 22:49, Blogger Drusa og dei said...

Kollist går dæ mæ turane?

 
At 17 februar, 2007 13:53, Anonymous Anonym said...

Hei!
Vett du ka, eg blei ikkje såra i det heila tatt. Det va bare ironi det eg skreiv... Og eg sikta te søskena mine då eg skreiv at enkelte kanskje ville hevda at eg va heilt blank når det gjalt lemming(vett ikkje om dei ville sagt akkurat det, men om dei hadde sagt det hadde eg ikkje tatt det så tungt, klare vertfall å sjå om ein sau ska lemma..hehe). Men nå lære eg jo så møje av bonden og budeia, og det syns eg e kjempe gøy. Kanskje eg ittekvart kan gje ut ei bok om gardslivet(mulig tittel:"Verdt å vite om bondelivet"). Viss dåkke har någe som bør stå i boka, så eg det bare å skriva det her=)

Den drømmen ja...når eg tenke meg litt om så ligna egentlig "marta" i drømmen litt på hu husvertdama vår.
Turgåinga mi har bare gått nedover i det sista. Det skjer så møje nå for tida, med kortkurs o.l. Og eg e litt mørkredd, så eg tør ikkje gå når det e altfor mørkt(og seint). Den e litt småskummel den stien rundt vannet. Tenkte faktisk eg sko gå i dag, men så fekk eg lapp i posten om at eg har fått pakke av mor, og den må eg jo bare ned te byn å henta. Eg glemte yndlings turbuksa mi sist eg va heime, så nå får eg den endelig.
Ingen unnskyldninger fra nå=)
Ha ei fin helg.
P.s. ka betydde egentlig p.t. graskar?

 
At 18 februar, 2007 20:31, Blogger Drusa og dei said...

Graskar er forkorting av "gressenkemann". Dette er jo hannkjønn av "gressenke".

Elles går livet på Tunai omtrent som vanleg. Har hatt vakt i helga, og vore litt rundt på bygda. Ei har kalving denne helga og. Måtte ha hjelp av ein kompanjong for å få ut kalven. Skal ikkje gå nærare inn på kva som var problemet.

I fjoset var det Terje som "sjodna". Han er ein av kompanjongane i samdrifta. Men eg var ute midt på dagen og snakka med kyrne. Dei går ut og inn som dei vil. Har vore mildt og stillt i dag. Så då eg var ute, var dei fleste kyrne ute og lufta seg. Eg kan ikkje stoppa for lenge nokon stad. Då flokkar dei seg rundt og vil verta kosa med. Sånn er det flott med dyr. Dei er aldri fornærma eller langsinte same kva ein seier med dei. Dei er berre seg sjølv.

Elles kan eg vel etterkvart røpa noko som har vore litt hemmeleg. Uti "skrøydebua" (kontoret i fjoset) har eg ein trompet som eg øver på. Tenkte om eg kunne få det til å spela litt... Er nå ganske grøn. Så dersom det er nokon som les dette og kan gje gode tips til ein nybegynnar, så var det fint. Det er først og fremst det å få fin lyd eg tykkjer er vanskeleg. Kan spela litt andre instrument, så det med noter er ikkje noko problem. Det å spela diverse melodiar, er heller ikkje noko problem. Men det er den fine og stødige klangen, på alle tonehøgder som eg tykkjer er vanskeleg. Tek imot tips med takk.
Takk for praten. Helsing bonden.

 
At 19 februar, 2007 10:13, Anonymous Anonym said...

Trompet du... blir stadig overraska inne på denne bloggen(positivt altså). I mine yngre dagar gjekk eg på aspiranten og spelte kornett. Syns egentlig ikkje det va så kjekt. Eg va ikkje så flittige te å øva, så det kan jo ha ein sammenheng. Det kjekkaste med heile aspiranten va egentlig turen til og fra...då satt eg og venninna mi å vinka til bilane som var bak oss(for ein fantastiske lek?...me syns det vertfall då). Eg og hu samme venninna mi hadde kvar vår C me sleit me. Eg fekk til den høge, mens hu fekk til den låge(eller motsatt). Eg trur egentlig øvelse gjer mester. Så bare stå på!!!
Trege vertfall på at eg aldri fortsatte i korpset.
Viss eg ein gong gifte meg, har eg kjempe lyst å ha trompet i kyrkja. Eg va i bryllup i jula, og då hadde de 2 stk. som spelte trompet. Det va bare heilt fantastisk.
I går gjekk eg min første tur rundt prestevannet og på vei heim va eg innom metrologisk institutt. Ein som går i forsamlinga er meterolog, så han hadde ein liten omvisning med oss. Det ska visst vera fint og kaldt fram til helga.

Du Marta, kjøre du øve Rennesøy då ska te Voss?

 
At 19 februar, 2007 18:02, Blogger Drusa og dei said...

Marta kom heim frå Voss for nokre timar sidan. Nedsylta i influensa. Ho reiste med fly denne gongen. Men når me køyrer, fer me over Rennesøy.

Trompeten. Idéen til den var det Marta som hadde. Ho såg meg for seg med trompet i den himmelske koret. Der stod eg langt oppe og bles med all min energi - noko kollosalt. Etterkvart som tanken modna, så vart det ein trompet. Eg veit ikkje om ein skal stå i kortrapper i Himmelen, trur helst ikkje det. Eg trur ikkje ein treng noko å stå på. Og sidan eg er så liten, vert eg sikkert med dei lengste der. Alt der er så annleis der. Og viss det skal vera eit av mine bidrag i lovsangskoret, kan det vera greit å begynna å øva jo før jo heller. Det skal verta fantastisk. Kan tru eg gler meg.... Og enn så lenge, kan eg kanskje få vera med å bidra litt med fine tonar her, som kanskje kan gjera nokon godt. Ein veit aldri. Det viktigaste er å gjera sitt. Er det då nokon som set pris på det, er det fint. Men truskap kvar på sin plass er nå det viktigaste.
Helsing bonden.

 
At 21 februar, 2007 00:17, Anonymous Anonym said...

Hola!
God bedring Marta. Det e aldri kjekt å vera sjuk, men du får kanskje litt ekstra oppvarting av bonden(?). Kanskje det e nå du ska gleda någen med trompetspillinga di, bonde? Bare ikkje spel dei tonane du ikkje klare holda. Neida...det har jo sin sjarm(dei klarte ikkje holda alle tonane i bryllupet heller).

Glede meg te budeia blir frisk nok te å skriva et nytt innlegg(eller kanskje me heller ska seia- får lyst). Trur kommentarkvoten min på dette innlegget e nådd(Islandur og co. må bare fortsetta; lenge igjen te kvoten dåkkar e nådd).

E dåkke òg blant dei som bare farte over Rennesøy(?) Då går dåkke glipp av møje. For det første bør dåkke ta ein titt i Sørbø-kykja og for det andre bør dåkke oppleva solnedgangen på Sørbø ein fin sommarkveld. Den e bare SÅ fin(okey,litt vel bygdepatriotisk...resten av øya har òg møje fint å by på).

 
At 21 februar, 2007 13:43, Anonymous Anonym said...

Dette e ikkje ein kommentar, bare ein forklaring..hehe. Trur kanskje det e muligt å misforstå det eg skreiv i går. Eg håbe at budeia ska bli frisk uansett om hu skrive et nytt innlegg eller ei. Redd det kunne misforståst dit hen at einaste grunnen te at eg ville at budeia sko bli frisk, va at då kunne hu skriva et nytt innlegg på bloggen.
Skriv når du har lyst,Marta... bare det blir før påske eingong (dette blei akkurat som ein Cobb-Douglas funksjon som me bruke i mikroøkonomien, der det alltid e med ein bibetingelse...). Har et par sp.mål om lemming igjen, ser du.
Det må understrekast at dette kun va ein forklaring altså:)

 
At 22 februar, 2007 16:37, Blogger Drusa og dei said...

Vert visst ikkje ny blogg ennå, ganske. Nå he bonden au vorte sjuge. Og du veit - ingenting er så sjukt som ein sjuk mann. Eg tvingar meg framleis til å gå i fjoset. Men ut i praksis er mindre aktuelt.

Dersom det var ein innvitasjon til Sørbø ein sommarkveld, så tek eg gjerne imot.

Elles var eg inne i gåsebingen. De er flinke med bilete på bloggen. Men så er det jo litt enklare å visa bilete av unge og fine. Det er verre med oss som ikkje er unge, berre fine.

Så, nå må eg koma med under teppet igjen. Når det er best å liggja, er ein jammen ikkje rare.

Helsing bonden

 
At 23 februar, 2007 11:42, Anonymous Anonym said...

Eg syns nesten eg måtte svara....
Nei, ka e vel meir sjukt enn ein sjuge mann.....men eg må nok innrømma at då eg va liden, syns eg det va det verst då mor va sjuk.
Det e vel typisk influenstida nå. Me har hatt litt i "bingen" òg. Men det e nå helst bare forkjølelse og hoste. Du må vertfall ha god bedring Kåre. Kanskje du får ekstra tid te å sjå på VM nå(viss du bryr deg om sånt...).
Te Sørbø ska dåkke så klart få komma. Eg ska nok senda ein invitasjon. Men det e fullt lov å komma uten òg altså....
Lure egentlig på kossen du har komt deg inn på gåsebingen. Det kan egentlig vera det samma. Velkommen! Som dåkke ser e eg svært lite teknisk anlagt. Forstår ikkje kossen eg ska bli kvitt dei store områdene uten tekst som komme te slutt(verst va det nå denne siste gongen). Tips mottas med takk.

 
At 04 mars, 2007 02:05, Blogger Islandur said...

Det var då valdeleg så snakksalige me var her..!

Rennesøy vert nok snart gløymd når Rogfast kjem. Men eg kan ålikevel skimta Rennesøyhornet frå Solbakk her eg sit. Kva hadde vel fjorden vore utan? Ryfylke er den best løynde perla i Noreg. Og greit er det, så får me ha vikene og buktene for oss sjølve! =)

 
At 06 mars, 2007 22:07, Blogger Drusa og dei said...

Ja, det har vore taust frå Tunai. Og det er ikkje mange sprell som har vorte gjort. Alt har gått i slow motion. Veit ikkje om eg har vore så sjuk før. I alle fall har eg ikkje sett Marta så sjuk. Seigt var det og. Men nå er det på rett veg. Så, om ikkje lenge skal det koma ein ny blogg.
Me gjekk glipp av to feiringar med runde milepelar i flonsetida.

I fjoset er det litt forandring. Det skal koma mange nye verdsborgarar til verda utover våren. Og då må mørene ha ferie og førebu seg på det som skal henda. 319 Frøken har ferie. 336 Heidi og 873 Tonje er på avgjelding. Og snart skal også 350 Ida, 354 Ivonn og 314 Fina få fri. Fire kviger frå stallen vart flytta inn til kyrne sist veke. Dei finn seg vel til rette. Det er 412 Lina, 413 Linda, 415 Liselotte og 416 Lindy. Dei er snille og rolege. Også dei skal kalva i vår/sommar.

Helsing bonden

 

Legg inn en kommentar

<< Home