tysdag, november 14, 2006

Nokon kjem og nokon går.

Meir og meir haust, men ennå lite frost.
Det er ikkje berre enkelt å vera glad i dyr. Det er heller ikkje berre enkelt å vera glad i nokon. Saknet når dei er borte er tilnærma proporsjonalt med tilknytninga ein hadde. Tilknytninga ein har til dyr skal likevel ikkje samanliknast med banda som knytest menneske i mellom.
Likevel er det slik at når me på laurdag sende 8 kviger ut på langferd, så merkar ein at det vert tomt. Saman med nokre andre kviger vart dei frakta til Vestnes i Romsdal.
Har mange gonger gjort opp rekneskap etter salg av livdyr. Ein må velja ut feilfrie dyr: Gode føter. Jur utan skavankar. Gode å mjølka og ikkje skeivmjølka. Og rimeleg godt lynne. Altså dyr frå den beste enden. Det seier seg sjølv at ein må ikkje driva altfor mykje med livdyrsalg. Ein treng gode dyr å avla på sjølv også. Trøysta er at det er nye kviger som veks til, og som skal ta plassen etter dei gamle som skal byttast ut.
Bloggen vår er oppkalla etter Drusa. Som tidlegare omtala, er ho ikkje her lenger. Men me har to unge kyr etter henne. Det er 366 Isabella og 408 Krusill. Dei er snille. Berre snille. 406 Knøtt er dotter til Isabella. Ho reiste til Vestnes. På den måten er nokre av genene til Drusa i Romsdal.
Elles går livet med litt ulikt. På laurdag ver me to vaksne til Forsand i 60-årslag. Triveleg. I dag står Marta på farten på veg til England. Vert vekke til fredag. Så då får bonden prøva å stella også dei minste i fjoset. Måtte veka gå fort!

4 Comments:

At 14 november, 2006 15:23, Blogger Sildesotten said...

Krusill va fint :) Eg får visse Pysill-assosiasjona... E d for d at hu he krølle (kruspersille liksom), eller e d bara for d at va så estetisk fint (for d va det).

Go tur te England! Hadde vore någe d, nå, midt i oppgavane. (drøym drøym).

Ellars så forstår eg koss d e når d blir tomt i fjose og då spesielt sauahuse. Eg bør helste ikkje ver i nærheden når Grøsfjelden kjeme å ska ta med seg lamman om hausten. Så ringt å sjå di mellom sprinklene... søde snudane så trykke på og vil ud igjen. Snofs.

 
At 14 november, 2006 22:45, Blogger Drusa og dei said...

Takk, Sildesotten. Alltid så koselege comments frå deg.
Krusill. Me hadde nå K som første bokstav i namnet det året. Og når me får 50 kalvar, kan det vera litt vrient å finna gode namn til alle. Prøver å finna namn som minner om mora, - og så vart det Krusill etter Drusa. Det gjere jo ikkje noge om det æ eit nabn me allre he haurt før.
Helsing p.t.graskar.

 
At 22 november, 2006 11:17, Anonymous Anonym said...

Eg ser de har klart å koma i pressa nok ein gong. Kjekt å sjå, for meg.
http://www.bondevennen.no/bvorg/Bv.pdf
Om ein månad er eg heime. Det er noko å tenkja på.

 
At 22 november, 2006 20:17, Blogger Sildesotten said...

Eg au he sett dåkke på nette :) Svere greie!
Likte forresten Pistrpys-navne veldi godt.

 

Legg inn en kommentar

<< Home