fredag, november 03, 2006

Basarkveld og meir

Det var basar for kapellet i gårkveld. Nesten fullt hus, song av Ekko, barnekoret og ein gjeng med karar frå frikyrkja m.fl. som kallar seg Freemen. Karane song ikkje som eit mannskor, dei berre gav på , full fres eller bånn gass av pur songarglede. Kan tru det var flott! Gamle gode songar frå tida 50 -til 70- åringane var ungdommar. Og det likar me å høyra. Det går innom og rører. Så der sat me og kosa oss.
På vaskerommet heime låg Bossi og sukka. Ho var ikkje i form. Kåre såg det då han kom inn or floren; då vann ho seg ikkje opp troppa til vaskerommet. Kald var ho og skalv. Stakkars Bossi, sa eg då eg kom heim, og fann eit varmt teppe og stappa rundt henne og heldt `ne godt i fanget mitt. Det var nett så ho kom seg litt. -Det hjelpte at du kom heim, sa ho. - Det var så fælt og liggja her åleine når alle gjekk på basar. Det forstår me. Då Kåre kom rigga han seg til med sprøyyta og dose for mjølkefeber. Og Bossi var tolmodig. Ho låg med hovudet godt inni fanget mitt og såg ikkje på kor han rota etter blodåra, berre rykta litt då han fann henne. I dag er ho oppe og ruslar og ventar på at naturen går sin gang. Om nokre dagar, kanskje, vert det ei løysing.
Olivia overraskar nok ein gong. No har ho halde ting heilt hemmeleg. Me har vel alle lese i vekeblad at det går an å få born utan å vita at ein er gravid. Olivia har nok visst det sjølv, men halde det hemmeleg for oss andre. Tenk, i går då me skulle ut og stedla på ettermiddagen låg der eit lite nysta i hundaputo i farmorstolen. Svart med kvite flekkjer, hokatt med skipsføter og eitt ope auga. Villmannen er forvist til høyet som ligg på forbrettet i gamlafjoset. Der sit han og kruksar. Og det er nok nødvendig elles er eg redd dråpane fer i han. Spenninga er no om det kan liggja fleire ungar ein stad. Som du forstår: Bondleivet er variert og spennande! God helg!

Har du forslag til namn på kattungen?

3 Comments:

At 04 november, 2006 13:38, Blogger Drusa og dei said...

Såg for meg eit meir melodiøst namn, men takk for forslaget. I skrivande stund ventar me på at Bossi skal setja i gang,ho har nett fenge ein liten dose oksytocin.

 
At 06 november, 2006 11:44, Blogger Sildesotten said...

Kossen går det med Bossi nå? Virka som om at an va midt i någe igår... Stakkar, det va litt drygt detta for o..

Så jillt med nye eksemplara av skipsføda på Tunheim! (liga fasinerande å sjå og ta på kver gong).

Mitt forslag e enkelt å greit: PYS. Slagkraftig, konkret og relevant for sorten.

Ellers vett eg om andre folk som kalle opp kattane ette skøyteløbara: Falko (Zantstra eller någe). Dei same folkan hadde au litt meir svevande katta, og dei fekk kunstneriske navn som for eskempel Flusipusi. (søtt)

Ein goe slagar på Bjørnemo he forresten vore Gyne.

 
At 06 november, 2006 16:12, Blogger Drusa og dei said...

Bossi går det godt med, men ungane går det ikkje godt med. Kor mange ho har hatt or seg er det ingen som veit. Der har Bossi eit instinkt som seier sitt om kva ho skal gjera utan å seia meir om det her. Bossi er lettare til sinns i alle fall og kjem med labbar
(sokkar) i munnen til oss når me kjem inn. Eit godt teikn. Så slik gjekk det denne gongen. Men "dollo" til Olivia klarer seg ser det ut til, og Villmannen får ein sup han og. Takk for gode namneforslag!

 

Legg inn en kommentar

<< Home