tysdag, september 09, 2008

Utstillingar

Ein fin sommar er over og me er på veg mot haust. Akkurat det kan vera ein overgang med litt smak av nedtur, men treng ikkje vera det. Enno er det nesten ljost om morgonen når bonden kjem seg over tunet og inn florsdøra, (budeia kjem litt etter),og mørkret kjem ikkje sigande før bortimot ni om kvelden. No er me straks i det belet då eg må innsjå at me går mot ei mørkare årstid, og måten eg, og sikkert mange med meg, taklar det på er å kveikja ljos, stearin altså, om kveldane når me er i stova. Då er kosen der, og me ser med ein gong meir positivt på alt.
Kyrne ser òg ut til å sjå det positiva i ei ny årstid. Godt å kunna vera meir inne når det regnar og bles og det er vått og surpe ute. Og rundballe gras er godt når graset ute tapar seg og misser den gode smaken. Men enno er mange dyr berre ute, småkviger på Nubbatoppen og dei større kvigene i marka.
Hausten er tida for utstilling, eller fesjå som det heiter. For nesten 2 veker sidan var me til Varhaug med 3 kyr. Det må me seia gjekk godt. Mayso, Marie og Liselotte fekk alle 1. premie og dei oppførte seg bra. Sist helg var det utstilling i Lyngdal for dei mest ivrige. Der var ikkje me. No til helga er det Seljord som står for tur. Marie skal vera med, og Tilde. Gamle ,gode Tilde som held seg så godt.
Så var det sauene. Dei minkar det på. LitleSven og fleire med han er vekke. Tenk den vetle kroppen på 1,6 kg då han var fødd, no var han 20kg og klassifisert til E-. Men den delen av drifta er i grunnen ikkje noko eg likar å snakka om. Tulla, Svanhild og Signe går åleine på Nubbatoppen og skal ha ferie. Så satsar me på ein fin haust, alle saman, kvar me enn er, om me går på fira eller to!

6 Comments:

At 15 september, 2008 22:54, Anonymous Anonym said...

her stod det monge gilde ord om svanhild og venene hennar, men kvar bler det eigentleg av innlegget om den single sonen dykkar, Lars?

 
At 15 september, 2008 23:21, Anonymous Anonym said...

Du kan det meste av den historien, Synnøve.

 
At 16 september, 2008 23:22, Anonymous Anonym said...

Ok, Synnøve. Forstår at eg muligens har beskylt feil person. Det beklagar eg. Men det er vel ikkje så fint av deg å melda naboen din som syndar?

 
At 17 september, 2008 17:35, Anonymous Anonym said...

nabo? forstår ikkje eg.

jaja.

synnøve,likar du kyr?

 
At 22 september, 2008 22:25, Blogger Drusa og dei said...

Veit ikkje om budeia er heilt med på notane, men uansett er det kjekt med kommentarar til bloggen. Når det gjeld Synnøve er det eit fint namn og mor til Svanhild og Signe heitte det. Synnøve og eg var gode vener, men ho var litt spesiell. Trur det står litt om det i tidlegare innlegg.( For nokre år sidan).
Me var ut på Nubbatoppen og snakka med Svanhild, Signe og Tulla i går. Dei har det godt. Jura har skrumpa fint inn og dei nyt ferien.

 
At 22 september, 2008 22:31, Blogger Drusa og dei said...

Når det gjeld Lars, har me lite kontroll. Men at han er singel enno, det trur me. Han var sentral i oppstarten av denne bloggen for 4 år sidan,og står omtala i tidlegare innlegg(søk på "Lars").
Mellom anna var han i si tid villig til å ta eit kurs i "hypsing" for spesielt interesserte, og frammøtte. Viss det er interesse for det, kan det godt vera at han kan halda eit nytt kurs.

 

Legg inn en kommentar

<< Home