måndag, januar 28, 2008

Vinter ennå?

Hei igjen. Til alle som har lese sist blogg med kommentaren frå "dei innante": Me har vore heldige. Det bles friskt her og. Men einaste skaden, var ei -1- panna som fauk av taket. Det er høgt opp, og taket er bratt, så ny panna kjem ikkje på plass utan lift. Eg har prøvd meg på ekstremsport før, med dårleg erfaring.

Bonden - som skriv dette - har vore slapp i det nye året. Influensaen som slo meg ut nyttår, har sett formen langt tilbake. Det er ikkje å undrast at toppidrettsutøvarane treng nokre veker etter ein sjukdomsperiode før dei er i topp "shape". Av og til lurer eg på om det er alderen - at eg aldri vert den same igjen. Men det lettnar, nokre dagar iallefall. Restitusjonen tek lenger tid når ein dag for dag nærmar seg Metusalem sin alder. (1. Mosebok 5,27).

Kyrne kalvar. Først 348 Hege i starten av det nye året. Så 425 Litagod. Ho er forresten ikkje heilt rein jersey. Og det er utruleg kos den radaskapen viser seg. Øyeblikkeleg den første spenen er tom, sparkar ho av resten av spenekoppane. (Ja, slik kan ein sjå det når ein er fanatikkar: jfr. "Han innante"). For ei veke sidan kalv 428 Miss. Mor til Miss heiter Frøken. Ho har og ei dotter som flytta til "dei innante", og bur altså på Skiftun. Denne dottera heiter "Jento". For nye lesarar må nemnast at kyren her på garden får namn på ein bestemt førebokstav som gjeld for eitt år om gongen. Eks. i 1995 hadde alle førebokstaven B, i år 2000 bokstaven G. Me fylgjer altså alfabetet. I 2007 var bokstaven N, og dette året O. Frøken var altså fødd i 1999. Jento i 2003, Miss i 2006. (Adle galne har det riktignok ikkje likt, men det er ei råd når det er system i galskapen). I går kalva 878 Trine. Ho er mor til 425 Litagod. Ho er altså ikkje rein jersey, og er innflyttar. Derfor har ho nummer på 800-talet, og førebokstav som ikkje går inn i systemet vårt. Ho er oppkalla etter tidlegare eigar. Mora var 1/2 Holstein, 1/4 Jersey og 1/4 NRF. Så me kan kalla det blanding av skrubb og ågerhøna. Men Trine er grei nok ho. Ho er kraftigare enn dei fleste, og har derfor utnemnt seg sjølv til sjef saman med ei anna som er innflyttar og jamngamal. Dei har vore veninner sidan dei var nyfødte, og held saman gjennem tjukt og tynnt. Veninna heiter 877 Tilde. Tilde kalva i desember og er på topp i ytelse når det gjeld antal liter pr. dag.
Dagens spørsmål: Kor mykje trur de 877 Tilde mjølkar ?

7203 Selma heiter den yngste sauen me har. Ho vert eitt år til våren. Selma har vore uheldige. Bonden køyrde ut noko skjemt silofôr frå toppen av ein nyopna silkumme. Bonden trudde ikke dette kunne vera attraktivt for sauene ute på beite. Graset står jo grønt, og må vera mykje betre enn skjemt silofôr. Selma såg annleis på det. Ho forsynte seg, og fekk vondt i magen, - og føtene (forfangen). Ho har vore pusjen nokre dagar. I dag kasta ho (aborterte). Ho er nå litt lettare i hamsen, og at ho ikkje skal lemma til våren, er ikkje så farleg. Det er jo ein diskusjon kor vidt ein skal para lamma om hausten. Det er nok best for dei å venta med første lemming til dei er to år gamle. Men en lærer jo av slike hendingar. Får nok finna ei anna løysing eit anna år.

Takk for praten!

Helsing bonden

6 Comments:

At 30 januar, 2008 12:33, Anonymous Anonym said...

Eg trur Tilde mjølkar 35 liter i døgnet, Men ho er som kjent veldig låg på innhald. Så kanskje er det ei anna som er best på EKM?

 
At 31 januar, 2008 12:07, Anonymous Anonym said...

Eg høyne og trur at Tilde molka nærmare 38 litar i døyne :)
Kan jo ver såpass ærlig at eg egentlig ikkje he peiling, og at eg tog udgangsponkt i Larsegutt sitt forslag..!
Og så sende me alle åkka intellektuelle tanka te Knut som sidde i frikjørkå og he eksamen.

 
At 31 januar, 2008 23:41, Anonymous Anonym said...

Då ska vertfall ikkje eg vera dårligare, så eg tippe 40 liter i døgnet.

 
At 01 februar, 2008 09:23, Blogger Silje Sværen said...

Hei igjen - eg er litt meir edrueleg, og tippar Tilde gir 31 liter mjølk i døgnet.
Me er jo som du sa så heldige å ha Jento her hos oss på Skiftun. Det er ei utruleg pen og snill ku, som ikkje går ut av mjølkebåsen før ho er blitt kosa med. Ho er lita og rund, ikkje nokon stormjølkar, men no med imponerande 7,5% fett i mjølka. Lett å få drektig, og alltid rein og fin.
Jento har overlevd både raudsott og rundjuling (av Helga, ei tidligare Tunheim-dame; no på dei evige grasmarker), og no eit diffust sjukdomstilfelle med diarè og slappheit. Etter (eller i følge min mann, på tross av) behandling med alt eg hadde av restar i medisinkofferten, er ho no pigg att.
Dotter til Jento heiter Minni, og er no drektig. Tam og kjælen som mora, men med eit snev av ADHD. Hoppar over eller kryp under alle stengsel, og er rett som det er i fôrgangen eller på tunet.
I haust fekk Jento ein fin stutkalv, fødd på beite ein fin og varm kveld. Etter eit par timar såg me ikkje kalven - han var vekk! Jento sto og kikka ned i den djupe kanalen som går langs vegen - og der var kalven! Min helt Øyvind hoppa uti med sko og klede, og fekk hala Moses på land. Han rista av seg vatnet og var like fin.
Aldri ein kjedelig dag dersom du har skaffa deg nokre dyr!
Ha ei fin helg!

 
At 01 februar, 2008 10:17, Anonymous Anonym said...

hmmm. si Jofrid tar så hardt i den eine veien, tar eg den andre veien.. Eg tippe 30 liter i døgnet.

 
At 01 februar, 2008 19:15, Blogger Drusa og dei said...

Takk for respons. Jilt å skriva blogg når det er nokon som gir lyd.
Me har som kjent mjølkerobot. Og då får me kvar dag gjennomsnittsytelsen for dei siste 7 dagane. Det kan svinga litt, for ein dag mjølkar kua seg siste gong 1 time før døgnskifte. Neste dag mjølkar ho seg f.eks 7 timar før døgnskifte. Då vert det lett mindre mjølk den siste dagen. Dette påvirkar og 7-døgns-middel.

Tilde har ein gjennomsnittleg døgnyting på mellom 35 og 38 liter. I dag står det 37,6 liter. Men sidan jerseymjølka er så rik på feitt og protein, vert ytinga korrigert slik at det skal kunna samanliknast med NRF-mjølk, eller rettare mjølk med 4% feitt og 3,2% protein. Altså omlag det som er gjennomsnitt for alle kyr i Norge.
Tilde har 47 liter enrgikorrigert mjølk. (47 EKM). Men 389 Josefine har litt meir. Josefine kalva litt tidlegare enn Tilde, og ser ut til å ha teke kalv, så då vil ho naturleg minka litt. Så snart er Tilde høgast, trur eg.

Sildesotten vert med dette utropa til vinnar av konkuransen. Gratulera! Viss du vil, skal du få mange glas med mjølk neste gong på Tunheim.
Helsing Bonden.

 

Legg inn en kommentar

<< Home