onsdag, desember 06, 2006

Desemberdag

Me skriv 6. desember. Det er beint fram opphaldsver og lett skydekke. Men ringen rundt den elles så flotte fullmånen i dag tidleg lova meir regn. Ja, ringen skein i alle regnbogefargane! Kanskje det snart tek til å hjelpa på vasslagra rundt omkring? Me må berre ikkje gløyma den lange og flotte sommaren me hadde. Den ville me ikkje ha bytt med haustsol, tenkjer eg.
Som ein del av blogglesarane veit, er Bossi borte. Ho hangla og kom seg ikkje skikkeleg etter det kullet ho fekk fyrst i november der alle var daude. Ho var stor i buken, men operasjonen viste at det ikkje var foster att, men at ein stor kreftsvulst infiltrerte magen. Ho ville nok hatt det vondt resten av tida difor vart operasjonen avbroten og livet avslutta. Ho fekk ei grav i hagen. Der sette eg ei lita rose hin dagen. Me saknar henne. Ho var alltid glad og blid og godt selskap. Og den beste velkomstkomiteen ein kan ynskja seg. Når ho hadde sprunge i frå seg gjekk ho og fann labbarpar til den som kom. Det går nok endå ei tid før me ven oss til at ho ikkje er der framfor døra på vaskerommet.
Kattane er i beste velgåande. Bøgvald tek rollen som far og ligg ofte og passar på vesle Pistrpys oppi farmorstolen. Olivia er litt ute på jakt. Ja, ein dag fakka ho ei mus som kom opp under vasken på kjøkkenet. Då var ho rask i snuen. Villmannen er framleis like vanskeleg å koma inn på, men han kjem i matfatet. Pistrpys er i rivande utvikling. Frå dei fyrste skjelvande og vaklande skritt der magen delvis tok i golvet, prøver ho seg no med hopp og sprett og fangar rova til Bøgvald! Han er ein veldig tolmodig mann som finn seg i det meste!
Ha ei fin adventstid! Og hugs på og kveikja ljos og summa deg litt!

14 Comments:

At 06 desember, 2006 22:49, Blogger Sildesotten said...

Eg kveige jos, men somma meg får eg ikkje før mandag.

Veldi søtt av Bossi å ta ansvar for labbaparformidling..

Kjekt å hørra koss det går m dei på Tunheim m mini-kryss og mini-hasa (pysan)- kansje di ikkje he kryss å hasa ein gong? Jo, jaffal kryss? Klare aldri automatisera dei der begreban der :)

 
At 09 desember, 2006 10:27, Blogger Sildesotten said...

Åndelige pysa! Dåpsopplæring på gang :)

 
At 09 desember, 2006 16:26, Blogger Drusa og dei said...

Ja, det har nok Sildsotten rett i. Store labbar som skal faldast.

 
At 14 januar, 2007 20:58, Anonymous Anonym said...

Hei!
Eg kom inn på denne siå ved ein tilfeldighet. Va innpå fjellheimbloggen, og så blei eg så nysgjerrig på kim drusa og dei va.
Må sei det va koseligt å lesa om det som skjer på garden dåkkas. Imponeranes at dåkke har namn på alle kyrne. Kor langt i alfabetet har dåkke egentlig komt nå? Et lite spørsmål te- ka betyr egentlig kryss og hasar? Trur kanskje det har någe med kyr å gjera.....Det hadde vært veldig kjekt å hørra meir om ka som skjer på garden fortida.
Til slutt ska dåkke få ei gåda og bryna dåkke på.
Han e på gammalnorsk, men det sko ikkje vera någe stort problem, vil eg tru:
I rosenhaven ble jeg funnet,
der min moder fellte meg.
Av kjøtt og blod er jeg opprunnet,
men det finnes intet kjøtt og blod på meg.
Noen har jeg dypt opphøyet,
andre har jeg dypt nedbøyet.
Hvem er jeg?
Viss dåkke ikkje klare det på 3 forsøk(dåkke bør då skriva inn forslaga her, ska eg komma med hint). Lykke te!!!

 
At 17 januar, 2007 09:29, Blogger Drusa og dei said...

Mange takk til anonymous! Alltid kjekt å verta kjende med nye. Slik er det for dei fleste av oss me var alle ein gong anonyme for kvarandre. Eller kanskje ikkje borna mine for meg? Det vart visst litt vanskeleg, eg berre prøvde meg på litt tankar.
Det var den gåta. Kan det vera ei tåra? sidan det var snakk om både glede og sorg. Ventar på eit lite hint!

 
At 18 januar, 2007 00:22, Anonymous Anonym said...

Tåra var egentlig ikkje så dumt forslag. Ganske bra egentlig, men det va jo ikkje det. Du må tenka litt gammeldags. Det e ein konkret ting, som de brukte før i tiå. "Moder" i gåta er et dyr. Nå syns eg det får vera nok hint for denne gongen. Det va kjekt du hadde skreve meir på bloggen. Må jo seia at eg ikkje forstår det heilt dette her med fett og proteinprosent,men heilt blåst e eg nå ikkje heller. Har jo faktisk vært avløyser(men ikkje for kyr) av og te. Men det ska seiast at itte at mor og dei kom heim fra ferien den eine sommaren, møtte eg de i gardstunet med hilsenen- "Eg hate grisene av heile mitt hjeta". Det va vel kanskje å ta litt hardt i av meg, men då va eg møkk lei, for å sei det sånn. Vett ikkje om kyr pisse i trødene (som de får mat i) og bite etter deg......Sauer e det bedre med. Dei e stortsett greie. Eg hadde faktisk ein ver ein gong som blei oppkalt etter meg. Den blei Rogalands beste ver. Det e jo ganske stort for ei lita jente(stor òg, forsåvidt).
Eg vett ikkje om du fekk det med deg, men eg lurte på et par ting. Eg trur kanskje eg har fått svar på det eine spørsmålet, ut i fra det du skreiv. Stemme det at dåkke nå har komt te bokstaven T? Og så va det dette her med kryss og hasar. Eg trur kanskje det kan ha någe med hundar å gjera, eg skifte altså meining. Såg nå at han sildesotten hadde skreve et eller aent om det. Men det hadde vært greit med ein forklaring, ein gong du har tid. Det kan vera travelt å vera bondekona...

 
At 18 januar, 2007 09:21, Blogger Drusa og dei said...

Hei anonymous!
Dette er bonden på Tunheim.
Du hadde nokre spørsmål.
Kryss og hasar viser til deler av kroppen. Krysset tilsvarar vårt bekken. Det er altså bakre del av rygglija frå lendepartiet (vår lumalrgion) til halen. Hasane er det leddet som tilsvarar vår hel. Men proposjonane når det gjeld lengden på dei ulike knoklane på føtene til dyra er ulike samanlikna med oss menneske. Hasen er det leddet som er i høgde med spenetuppane på juret til ei ku.

Dette året skal me ha bokstaven N. Me starta med at kalvane som var fødde i 1995 fekk bokstaven B. I år 2000 var det bokstaven G, osv. N er ikkje nokon lett bokstav å finna 50 namn til. Men ved å gå inn på internett ordnar det meste seg. Over 700 jentenamn på N.
Elles: Kooseleg med respons. Hald fram med det.
Du nemnde Sildesotten. Du kan verta betre kjent med henne med å gå inn på Sildesotten.blogspot.com

 
At 18 januar, 2007 09:55, Blogger Drusa og dei said...

Så var det gåta: Somme dyr feller horn. Kan det vera det? Får det ikkje heilt til å passa med nedbøyet, men det er lov å prøva seg!

 
At 18 januar, 2007 17:08, Anonymous Anonym said...

Eg fant ut at det va kjedeligt å hetta anonymous, når "alle" dåkke andre har så fancy navn. Så då måtte jo eg òg få meg et(om det ikkje akkurat e så fanzy). Den første hunden vår hette det. En Border Collie. Veldig flink sauehund.
Takk for utdyping av kryss og hasar. Glad eg ikkje ska opp i eksamen i det. Redd det ikkje hadde gått så bra.
Så va det den gåta. Vett ikkje om eg syns at horn va så godt forslag...men du/dåkke har vertfall forsøkt og det e jo bra. Eg kan sei såpass at det som dette dyret feller i hagen er veldig lett og svaret på gåta begynner nettopp med navnet på det som dyret mister(det blei ein litt innfløkt setning, men dåkke forstår sikkert). Svaret på gåta er altså sammensatt av to ord. Det som dyret mister+.... Lykke til.

 
At 18 januar, 2007 21:51, Blogger Drusa og dei said...

Nå forstår eg at du spurte om me var komne til T når det skulle finnast namn til kalvane. Budeia skreiv om Tilde og Trine. Dei, saman med Tonje, fell utanom systemet. Dei er innflyttarar, og fekk namn etter bonden dei kom frå.

Elles: Gåta. Ho var vanskeleg. Har første delen av ordet noko med det utvendige på dyret å gjera, pels eller liknande?

Helsing bonden

 
At 18 januar, 2007 23:07, Anonymous Anonym said...

Du e inne på någe der ja. Kanskje ikkje akkurat pels. Någe ennå lettare....kan ikkje sei meir nå. Må holda dåkk litt te på pinebenken.

 
At 19 januar, 2007 10:10, Blogger Drusa og dei said...

Ikkje pels, men kanskje hår, fjør, bust (gris, men det er vel sjeldan ein slepper grisen innn i ein rosehage). Trur helst eg går for noko med fjør... Det er bra å få ei fjør i hatten, men det skal altså vera to deler i det ordet. Kanskje ein fjørpenn? Det er gamaldags.

 
At 19 januar, 2007 11:42, Anonymous Anonym said...

Kanskje ein fjørpenn ja!!!! Nå blei eg imponert. Trudde nok at dåkke trong ennå meir hint. Men der tok eg skammelig feil...Dåkke forstod gåta- at du kan opphøya eller nedbøya någen med det du skrive. Kem vett, kanskje det komme ei ny gåta her ein gong...=)
Nå e eg nødt te å springa ner på skulen(syns egentlig at fredagen kunne vært fri, vertfall ikkje begynna så seint som 12).
Dåkke må ha ei fine helg på Tunheim, og hils Tilde og Trine fra meg.

 
At 19 januar, 2007 12:22, Blogger Drusa og dei said...

Du verden, du verden, der trefte me det! Det må vera dette med intuisjon, kanskje?
Har snakka med Tilde og Trine i dag òg. Trine ville sleikja meg litt rundt øyrene og i fjeset. Eg sa det fekk vera til ein annan gong. Dei to venninnene held seg helst på sørsida, trur eg. Jærbuen er utruleg flink med himmelretningane, å få dei inn i hus. Der har eg problem. Eg må tenkja meg nøye om kvar gong. Om eg meiner ei kviga som står på aostsiå eller ei bytta står ved nøre veggen. Eg har lært no. Men det var Tilde og Trine som held seg på sør, sikkert fordi det er der me kjem inn! Dei vil drøsa og verta klødde, nemleg! Ha ein flott dag!

 

Legg inn en kommentar

<< Home