søndag, september 03, 2006

Haustleg.

Heile sommaren er forbi. Ein fantastisk sommar som ingen av oss har opplevd maken til. Det har vore travelt på Tunheim, der nydyrking av eit stykke land er det som har sett mest merke etter seg. Nå er nybrotet grønt. Men først etter at fleire tusen kubikkmeter med stein har vorte rydda bort. Slike jordstykke hadde ikkje vore dyrkande utan gode maskinar.

I fjoset er det forandringar. Ei betydeleg utskifting av kyr har funne stad, for å gje plass til dei nye som veks til. Gamlekua, 283 Drusa, er ikkje lenger i blant oss. Ho som heile bloggen er oppkalla etter. Av andre som har måtta vika plass er 856 Bromma. Men ho er still going strong. Flytta til eit nytt fjos med Lely-robot. Ho mjølka rett og slett så mykje, at me ville heller ha to reine jersykyr i staden. Mange kalver har me og fått. Meir enn 20 kosse-kalvar er fødde. Så utfordringa vert helst å få plass til alt til vinteren. Men midt i slike spekulasjonar, kom ei god løysing. Ein bonde i Romsdalen, som satsar friskt, vil gjerne ha kyr og kviger. Han satsar på mjølkeproduksjon på rein jerseybesetning og skal skifta ut alt som ikkje har dei rette genene. Kunne godt tenkt seg 40 kyr. Så vert det nokre på Tunheim så får leva noko lenger mens andre får reisa på langtur.

Sist helg var det utstilling på Jærmessa på Varhaug. Med på tur dit var 383 Juliane, 392 Kine og 398 Kossi. Alle kom heim med kvar si kvit sløyfe. Kine fekk mykje skrøyt, og fekk poengsum som ingen på Tunheim har oppnådd før.

Fredag som kjem, 8. september, er det på tur til Dyrsku´n i Seljord. På denne turen vert 379 Juni og 380 Judith med. Mykje arbeid å reisa så langt med desse fine damene. Stor innsats for at dei skal få visa seg fram og få sine poeng og sløyfer.

Sløyfene etter mange års reiseinnsats har nå kome opp på veggen på kontoret i fjoset. Så det begynnar å likna eit skrøyderom. Kjekt med hobby! Nokon reiser med høns, nokre med hundar, nokre med hestar, sauer, geiter, kaninar og kattar,
- og nokre med kyr. Kvar sitt.

Helsing bonden

3 Comments:

At 06 september, 2006 19:11, Anonymous Anonym said...

Lukka t på seljord.Og takk for garasjegrilling i særs ihuga omgivelser. Det er bedre med eit skrøyderom enn eit podderom,... Det tykkjer jaffal eg. ..Romleknoffen

 
At 10 september, 2006 09:31, Blogger Sildesotten said...

E enige med Romleknoffen i det :)

Veldig så di vinne, dei drusene!
E det naturlig sjønnhed det går på, eller e dar någe annt som au blir vurdert? Eg vett honna må visa at di kan veda kå "dekk" e,og kanskje henta en pinne eller någe.

Va veldi jillt forresten å koma inn på siå her, og sjå at "endå fleire kalvar" va bytta ud med "haustleg":) jippi!

 
At 13 september, 2006 20:10, Blogger Drusa og dei said...

Vinne å vinne. Me kan vel ikkje akkurat seia at dei plent vinne for det om dei får 1. premie. Men dei får kvit sløyfa. Og på Seljord får me ei sølvskei. Og den æ fine. Det æ helste derfor me reise te Seljord kvart år. Mykje arbeid både før og mens me æ på Seljord. Men det æ eit koseleg miljø. Og så henta me tydebær på vegen heim. Masse tydebær i Telemark.

"naturleg sjønnhed": Ja det æ lite anna enn det naturlege. Det vert ikkje teke hensyn te produksjon, så det æ ein slags missekonkurranse.

Elles; takk for comments. Dæ æ oppmuntrande med gode comments.

 

Legg inn en kommentar

<< Home