torsdag, januar 20, 2005

Eksk(l)usivt intervj(k)u


0338 Hedda
Originally uploaded by Drusa og dei.

Nå har det gått ei lang stund sidan sist blogg. Og det vert ofte slik at det går sytten dagar før ein har samla nok tankar som ein kan skriva ned. Roboten har vel eigentleg vorte ein del av fjoset no. Det einaste som vel manglar, er eit namn på roboten. I dei siste tider har vel namn som: Gudrun eller Inga vore innom tanken, men kan nok finna noko som høver meir. I denne anledning fekk me lyst til å intervjua nokre av kyrne, for å høyra, korleis dei har det no i motsetning til korleis dei hadde det i september 04. Og eventuelt om dei kan anbefala andre fjos denne fasilitet;roboten, som kanskje om 100 år er ein etterspurt antikvitet eller snurrepipperi.

Me dreg ut med penn og papir og fotoapparatet klart. Når me kjem inn døra, er det første som slår oss ei luktforandring som blir sterkare og sterkare. Den første me treff på, er den 4 år gamle kua Hedda. Ho står inne i roboten, og er om ein augneblink ferdig. Då me spør om å få intervjua ho, takkar ho nei, sidan ho er travelt oppteken. Noko som me fnys av etterpå.

Etter ein rundtur i fjosen, treff me på 0354 Ivonn. Namnet hennar kjem i frå at ho vart fødd i vatn. Ho ser veldig "klar" ut for intervju. Og sjølvsagt får me lov til å spørja eit par spørsmål. - Kor gammal er du? "Jo, i dette fjoset har me det slik at namna våre går etter alfabetet. Så for kvart år er det neste bokstav i rekkja. Dette året, 2005, har bokstaven L all makt. Sidan eg heiter noko på I, så rundar eg snart 3 år." - Kor mange kalvar har du hatt? "Eg har berre hatt ein kalv, nr 400 Keylin Queen. Men, eg er veldig stolt av ho." Varm damp kjem ut or munnen hennar. - Kva likte du best, den orginale måten å mjølka på, eller den "orginale" måten? "Jo, eg er jo ei av dei unge kyrne her. Og bonden har alltid sagt at "dei onge kydene kjæme nok t å venja sæg t roboten bære enn di eldre." Og det vil eg sei at han jammen har rett i. Eg og min "omgangskrets (kyr som byrjar på I)", tykte dette skulle verta spennande. Og når ein er positivt innstilt, så vert det mykje lettare óg. Så eg kunne ikkje tenka meg å bytta tilbake til mjølkemaskina, seier Ivonn, medan ho tygg voldsomt." - Så dette er altså til å anbefala? Ja, på det varmaste, seier Ivonn, medan tunga fér i frå nasebor til nasebor.

Hadde eigentleg tenkt å intervjua fleire kyr, men aldri har me vell møtt ei slik snakkesalig kyr som Ivonn, og avsluttar derfor nå. Hadde vore interessant å høyrt med ei av dei eldre kyrne...

Svaret på siste spørsmål var sjølvsagt 0340 Hanna, og premien kan hentast på samdrifta. Nå gidd me ikkje ta eit spørsmål, men VISS nokon er oppfinnsame så kunne me hatt behov for forslag til namn på roboten.

Dagen si ku: 0319 Frøken. Ho var ammeku i fjor, men nå mjølkar ho "får felt."

Mange helsingar, skitklattar og mjølkeskvettar frå Tunheim.


3 Comments:

At 25 januar, 2005 10:43, Anonymous Anonym said...

Lars her. Er det du Ingvil som skriv? Veldig bra. Du får heilt sikkert betre karakter i norsk enn meg. No sit eg på Haukeland, og får tida til å gå. Knut kjem heim til dykk i dag, trur eg.

Peace out.

 
At 25 januar, 2005 16:10, Blogger Drusa og dei said...

Mø! Ehhh..eigentleg så er det Drusa som har skreve. Ha ein MØeleg dag all "saman" =)

 
At 13 mars, 2005 04:04, Anonymous Anonym said...

Nå sunns eg dåkk ska få litt fart i d greiene her.. Bjunne å verta hallsløvt..

 

Legg inn en kommentar

<< Home