måndag, desember 10, 2007

Desember

Lenge sidan sist. Det har noko med aktivitetsnivået å gjera. Mykje har hendt.

For dei som er interesserte i det som hender på garden, kjem nokre hovedpunkt.I september var me til Seljord, som vanleg, med to kyr. Det viktigaste med Dyrsku-turen er det sosiale. Ein koseleg gjeng med felles interesser. Men for oss som har vore med i mange år, er det ikkje den store spenninga lenger. Men ein får bidra litt med å presentera jerseyrasen. 392 Kine var med som vaksen ku. Ho vart rangert som beste jerseyku og fekk kvit sløyfe - 1. premie. 415 Liselotte fekk mykje skrøyd, og vart rangert som beste 1.kalvs jersey. Ho vart etterpå kåra som den besta av jersey-rasen. Ho skulle då tevla med vinnarane i dei andre rasane om Dyrsku-prisen. Ho vann der og, og me fekk ein fin premie for det. Gildt - men som tidlegare sagt er det miljøet rundt det heile som er det viktigaste.

Ei helg seinare i september var budeia og bonden til Hallingdal på årsmøte i KVF - Kristeleg veterinærforening. Som student i Oslo på slutten av 60-talet var eg med i ein kvartett - Veterinærkvartetten. Denne bles me nytt liv i i haust. Me song ved tilstellingane på årsmøtet. Fantastisk kjekt. Og eg trur faktisk at me song betre enn nokon gong. Turen frå Jæren gjekk med bil om Sørfjorden og Hardangervidda. Me reiste saman med Ingrid og Åsulf Kvammen. Då me kom til Vøringsfossen, tok me ein liten pause. Åsulf og eg tok med oss trompetane, og sende nokre fine tonar utover juvet, i nærleiken av Norges tak. Me er heldige som får vera rørige og får vera med på mykje gildt.

September var utfordrande sidan det var så mykje nedbør. Men me fekk berga avlinga "i hus", litt seint, men det gjekk bra utan altfor store skadar på jorda. Men det er nok litt spesielle forhold med fôret etter ein slik sommar som me hadde i år. Gras og korn er ikkje av vanleg kvalitet. Hjå oss viste det seg med at FFS (frie fettsyrer) i mjølka pluseleg steig over det som er kravet til elitemjølk. Sette i gang med mange tiltak for å bøta på dette: Skifta silofôr, justerte kraftfôr-mengen til enkelte kyr. Ga tilskot av E-vitamin. Gjennomførte lenger mjølkingsintervall. Sina ei ku og ein spene. Forandra luftinnslepp og vakum på spenekoppane i mjølkeroboten. Forlenga mjølkingsintervall etter ufullstendig mjølking. Alt dette har gitt god respons. Men eg ynskjer å kunne få ned verdiane ennå noko meir. Det må nok gjerast med å slakta enkelte kyr som ligg altfor høgt på FFS. Utfordringar er det mest alltid. Frå nyttår vert kvalitetskrava når det gjeld FFS strengare, så det kan verta litt slitsomt. Slik er det når ein produserar mjølk med langt på veg dobbelt innhald av mjølkefett i forhold til dei store, dominerande rasane. Det er naturleg at det er meir FFS i denne mjølka, men det vert det ikkje teke hensyn til.

Dette ser ut til å verta litt langt. Skal berre ta med at me nå har gravemaskin i arbeid for å laga ny veg til "marka", der kvigene går på beite om sommaren. Meininga er å få ta ein del grøfter for å få eit betre beite. Gildt med prosjekt.

Takk for praten. Kanskje kan me få litt sving på det slik at det kjem litt meir smådrypp.

Helsing Bonden

3 Comments:

At 11 januar, 2008 09:30, Blogger Silje Sværen said...

Hei og godt nyttår!
Her har me hatt ein stormfull start på det nye året.
Natt til forrige laurdag var me sikre på at huset kom til å blåsa ned. Det sto rett nok morgonen etter, men midt i mjølkinga gjekk straumen. Eg kjørte til vedtørkehuset vårt for å fylla opp vedlageret - det hadde fått eit par store granar over seg og var knekt i to. Like ved var Lyse i gong med å reparera straumlinene, som var "pepra" med nedblåste granar.
Ein nabo kunne fortelja at eit heilt nytt minkhus i nabolaget hadde blitt totalskadd av stormen, og 2000 mink var på rømmen! Heile veka har bygda vore i sving dag og natt og fanga, skote og jaga mink. Eg havna i klammeri med ein på trappa - han ville ikkje gi frå seg søppelposen!
Øyvind ville heltemodig prøva å redda vedlageret, men rakk knapt å gå ut av bilen før den blei smadra av tre store grantre. Den er no kondemnert, vedlageret blåste vekk, og heile bygda ser ut som ei slagmark.... Heldigvis blei ingen skadde. Det blir ei langvarig opprydding - velta og knekte tre ligg rundt husa, over gjerder og veier.
Til kveldstellet kom heldigvis straumen att, og barrikadene me spikra foran låvedørene heldt.
Kyrne var visst ganske forskrekka over alt dette - mjølkemengda gjekk kraftig ned! Dei er ellers friske og raske, og ser no fram til å bli øko-kyr i 2009.
Me hadde og problem med frie fettsyrer rett før vårslepp i fjor - dårleg silo hadde nok skylda. E-vitamintilskot redda elitemjølka, og då kyrne fekk smaka grønt gras var problemet borte.
Vonar alt er bra på Tunheim i det nye året!

 
At 22 januar, 2008 20:23, Anonymous Anonym said...

Hei hei...
Ikkje så lenge si eg oppdaga denna bloggen, og den e geniale! Håpe på nytt innlegg snart:)

Veldig koselig å feira nyttår på Tunheim forresten!

 
At 27 januar, 2008 16:10, Anonymous Anonym said...

Ja, her va dar jo liv :)
Lenge si eg he vore innpå. Min blogg he friminutt ennå.
He aldri hørt om dei der frie fettsyrene før, he virkelig gått glipp av någe.. På meg virka det som om at kjydnan produsere meir omega3, og det hørres jo sunt ud i mine øyre. Men kanskje det va ein ann fettsort ja..

 

Legg inn en kommentar

<< Home